Advertisement
Velkommen til medverknadsdag med næringslivet i Øygarden 19. februar 2025 frå kl. 08.30 til 12.00 i kultursalen, Øygarden rådhus.Kommunedelens arealdel (KPA) er på rullering og kommunen ønsker næringslivet si medverknad i arbeidet. Saman med Vest næringsråd inviterer derfor Øygarden kommune næringslivet inn til eit møte der vi deler tankar om arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.
Vi ønsker å inkludera næringslivet tidleg for å sikra at planarbeidet blir realistisk og framtidsretta, samtidig som det styrkar lokalsamfunnet si evne til å møte framtidas behov. Vi veit òg at næringslivet sit på verdifull erfaring og innsikt i korleis arealbruk påverkar kvardagen. Vi skal sjå på heilskapen no og utviklinga for framtida.
Administrasjonen vil informera om arbeidet så langt, og gir eit innblikk i utfordringar og moglegheiter for framtida. Vi har mellom anna gjennomført analysar av næringsareal i dagens arealdelar, og sett på bruk og potensiale i desse areala.
Gjennom ein arbeidsverkstad legg vi til rette for at dei ulike bransjane kan drøfte utfordringar og moglegheiter, samt medverke til strategiar for arealbruk.
Vi håpar du, eller nokon frå din organisasjon, vil nytte anledninga til å vera med.
Påmelding (Vest Næringsråd si nettside):
https://www.vnr.no/arrangement/naering-og-areal/
Program
Kl. 08.30 Kaffi og prat
Kl. 09.00 Velkommen ved utvalsleiar i Kommuneplanutvalet (KPU) Svein Otto Jacobsen og dagleg leiar Vest næringsråd Kari-Anne Landro
Kl. 09.15 Øygarden deler frå arbeidet med arealdelen v/administrasjon
Kl. 10.15 Kva treng vi frå næringslivet? v/administrasjon
Pause
Kl. 10.45 Arbeidsverkstad der de får drøfta utfordringar og moglegheiter med bransjekollegaer og medverke til strategiar for arealbruk
11.45 Kva skjer vidare i arbeidet med arealdelen v/administrasjon
Velkomen!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Foldnesvegen 1, 5354 Straume, Norway, Foldnesvegen 1, 5354 Straume, Norge,Straume, Hordaland, Norway, Bergen