Medaasprisens festkonsert

Mon, 20 Oct, 2025 at 07:00 pm UTC+02:00

Ole Bull Scene | Bergen

Ole Bull Scene
Publisher/HostOle Bull Scene
Medaasprisens festkonsert
Advertisement
Medaasprisen feirar sitt 25-årsjubileum ved å dela ut prisen til Øivind Vabø. På festkonserten spelar prisvinnaren sjølv, men du får óg sjå og høyra artistar som Olav Stedje, Finn Tokvam, Bård Ose, Doddo, Annlaug Børsheim, Torkjell Børsheim og Voksne Herrers Orkester.

Medaasprisen er meint å heidra kunstnarar som har ein identitet rotfesta i eigen kultur. Sjeldan har dette høvd betre enn i 2025, når Medaasprisen vert tildelt Øivind Vabø. Han var oppflaska på hardingfelemusikk, med ein far og farfar som begge var framifrå spelemenn; Finn og Karl Vabø.

Øivind har i ei årrekkje teke del i det sterke bergenske folkemusikkmiljøet, der Finn var den drivande krafta frå 1960-talet og utover. Her gjekk mange unge felespelarar i lære, ein av dei var Ivar Medaas.

I år er Øivind aktuell med det nye albumet «Arv», der han spelar tradisjonsmusikk frå bergensområdet. Her vidarefører han det lyriske og personlege uttrykket han har vorte kjend for.

Medaasprisen 2025 vert tildelt ein kunstnar som står i ein tradisjon som Ivar Medaas var umåteleg glad i og ein viktig del av.

Medaasprisen er ein bronseplakett av Os-kunstnaren Vidar Mæland og 50.000 kroner. Prisen vert delt ut på Ole Bull Scene den 20. oktober. I tillegg til Øivind Vabø, vil mellom andre Finn Tokvam, Olav Stedje, Doddo, Annlaug Børsheim, Torkjell Børsheim og Voksne Herrers Orkester medverka til en storarta kveld.

Tidlegare vinnarar av Medaasprisen:

Bjørn Eidsvåg (2024)
Mari Boine (2023)
Sigvart Dagsland (2022)
Ingebjørg Bratland (2021)
Hellbillies (2020)
Kari Bremnes (2019)
Lars-Lillo Stenberg (2018)
Vamp (2017)
Sigrid Moldestad (2016)
Jon Eikemo og Herborg Kråkevik (2015)
Salhusvinskvetten (2014)
Claus Sellevoll (2013)
Jan Eggum (2012)
Fargespill (2011)
Helge Jordal (2010)
Øystein Sunde (2009)
Olav Stedje (2008)
Jan Arvid Johansen (2007)
Arne Bøe (og Heimalanne’) (2006)
Odd Nordstoga (2005)
Unni Løvlid (2003)
Sturla Eide Sundli (2002)
Linda Røyseth (2001)
Linda Fosse Hagen (2000)
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Ole Bull Scene, Øvre Ole Bullsplass 3,Bergen, Hordaland, Norway

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Bergen

Gudstjeneste
Sun, 19 Oct at 07:00 pm Gudstjeneste

Jonas Reins Gate 2, 5008 Bergen, Norway

Artistic Research Autumn Forum 2025
Mon, 20 Oct at 10:30 am Artistic Research Autumn Forum 2025

Bergen, Norway

Mandagsforedrag: Norske pionerer i Amerika ved Svein Indrelid
Mon, 20 Oct at 12:00 pm Mandagsforedrag: Norske pionerer i Amerika ved Svein Indrelid

Bryggens Museum

Norges rettslige forpliktelser knyttet til Israels krigf\u00f8ring p\u00e5 Gaza
Mon, 20 Oct at 02:15 pm Norges rettslige forpliktelser knyttet til Israels krigføring på Gaza

Jekteviksbakken 31, 5006 Bergen, Norway

Vil du vite hvordan LAKSEV\u00c5G HERREBUNAD ble til ?
Mon, 20 Oct at 06:00 pm Vil du vite hvordan LAKSEVÅG HERREBUNAD ble til ?

Laksevåg Frivilligsentral, Labyrinten, Håsteins gate 9, Laksevåg

Eva Quartet (Bulgaria)
Mon, 20 Oct at 08:00 pm Eva Quartet (Bulgaria)

Litteraturhuset i Bergen

Litter\u00e6r lunsj med Anne Beate Maurseth
Tue, 21 Oct at 12:00 pm Litterær lunsj med Anne Beate Maurseth

Bergen Offentlige Bibliotek

Swingkurs i St. Jakob
Tue, 21 Oct at 05:00 pm Swingkurs i St. Jakob

Jonas Reins Gate 2, 5008 Bergen, Norway

\u00c5 skrive fortiden. Aina Basso og Gunnar Staalesen i samtale
Tue, 21 Oct at 05:00 pm Å skrive fortiden. Aina Basso og Gunnar Staalesen i samtale

Landås bibliotek

BASAR FOR MOLDOVA - MISJON UTEN GRENSER
Tue, 21 Oct at 06:30 pm BASAR FOR MOLDOVA - MISJON UTEN GRENSER

Bergen Frikirke

Klassikaren: Thomas Mann. Foredrag om Buddenbrooks ved Wolfgang Hottner
Tue, 21 Oct at 07:00 pm Klassikaren: Thomas Mann. Foredrag om Buddenbrooks ved Wolfgang Hottner

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events