Advertisement
Norsk Folkehjelp Sunnhordland og Mental Helse Stord/Fitjar inviterer til markering av Verdensdagen for psykisk helse. 🗓 Dato: 16. oktober
⏰ Tidspunkt: Kl. 17:00–19:00
📍 Stad: Småsalen, Stord Kulturhus
Norsk Folkehjelp er ein beredskapsorganisasjon og me ønskjer å vera rusta i møte med ulike kriser, frå naturkatastrofar til heilt livsendrande situasjonar.
Denne markeringa er viktig for oss i Norsk Folkehjelp Sunnhordland og Mental Helse Stord/Fitjar. Me har som felles mål å bidra til å styrkje vår psykisk helse beredskap. Det handlar om å kunne håndtera forskjellege utfordringar som usikkerheit, stress og uro på ein betre måte. Me kan alle bidra til å skape eit sterkare fellesskap, der me støttar kvarandre og hevar den psykiske motstandskrafta.
Programmet for kvelden:
📢 Appellar
💬 Sofaprat
🎶 Musikalsk innslag frå Endre Olsen
🍰 Enkel servering
Ta familie og venner, og bli på markeringa. Saman kan me styrkje vår psykiske helse og bidra til eit meir robust samfunn. Velkommen til alle!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Stord Kulturhus, Hamnegata 1, 5411 Leirvik, Norge, Ølen, Norway