Advertisement
Flåklypa-universet er tilbake med ein film som har slått an både blant publikum og anmeldarar! Dei fleste aldersgrupper har eit forhold til Flåklypa, og i denne publikumssuksessen møter vi ei utesta oppfinning, ein nysgjerrig Solan og ein topptrimma grasklyppar på ville vegar som fører til at ordføraren bannlyser trioen frå Flåklypa. Solan, Ludvig og Reodor må difor vinne det spektakulære rallyet frå Paris til pyramidene - denne sigeren er den einaste måten å kome heimatt på.
Il Tempo Gigante skal ut på vegen og det blir full gass, høg puls og sjarmerande moro i det trioen forlet den trygge bygda og skal ut i den store verda.
Vi serverer som alltid kaker og kaffi i timen før filmstart, altså frå klokka 12.30. Denne filmen må du få med deg!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Holmegata 7, 6150 Ørsta, Norway, Holmegata 7, 6153 Ørsta, Norge, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






