Advertisement
Helga i overgangen januar-februar (laurdag 31. januar- søndag 1. februar) er det duka for den legendariske lysbildesamlinga på Standalhytta. "Lysbilde" er eit ord som var mykje nytta på 70- og 80-talet, om foto som ein trengte lysbildeframvisar for å sjå. I dag nyttar vi stort sett digitale bilete og projektor for å vise fram klatreturane vi har vore på, men om du vil vise noko som er av eldre dato så ordnar vi utstyr for dette også.
Det er 50 overnattingsplassar på hytta, og du tingar automatisk overnatting ved å melde deg på. Kjøkkengjeng er mobilisert og står klar for å servere dei lekraste rettar!
Har du bilete som du vil vise fram? Meld deg på og send ein epost til [email protected] der du skriv 2-3 stikkord om kva du vil vise bilete frå, kva slags teknologi du nyttar og kor lang tid du treng (20 min er standard maxtid, men vi tilpassar det dersom du har vore på ein meir omfangsrik tur).
Alle påmeldte vil få tildelt ei dugnadsoppgåve relatert til kjøkkenoppvask eller hyttenedvask.
Samlinga er eit medlemsarrangement for medlemmer i SKK over 18 år.
Prisen er flat. Det vil seie at det er same pris om du skal overnatte eller ikkje. Som regel er det sitteplassen i peisestova under lysbildeframsyninga som er flaskehalsen. Middag på laurdag er inkludert, og vi har sjølvsagt gitt beskjed om at vi vil nytte badestova. Vi kjøper også inn til ein enkel fellesfrukost på søndagen. Dersom du har spesielle påleggspreferansar så kan det vere lurt å ta med dette sjølv. Eventuell matallergi kan noterast i påmeldingsskjemaet.
Køyreplan:
Laurdag
12:00 -Hytta opnar
16:00 -18:00 -Førmiddagsbadstu, skiturar, peisfyring.
18:00 -Middag
19:00-19:30 -Oppvask
19:30 og utover - Framsyning av bilete i to bolkar, sosialt samrøre, røling, meir badstubading, svingstang.
Søndag
08:30 og utover -Enkel fellesfrukost
Frå 09:30 -Nedvask og oppvask etter fordelte oppgåver.
12:00 -Siste utsjekk
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Aalesunds Skiklub, standalhytta,Ørsta, Volda, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.


