Lyrikkseminar: Norske og skandinaviske sonettar. Nedslag i ein tradisjon

Fri, 12 Sep, 2025 at 11:00 am to Sat, 13 Sep, 2025 at 12:00 pm UTC+02:00

Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norway | Voss

Haugesenteret
Publisher/HostHaugesenteret
Lyrikkseminar: Norske og skandinaviske sonettar. Nedslag i ein tradisjon For Olav H. Hauge var ingen diktform gjævare enn sonetten: «Dei beste dikti i verdi, er sonettar, veit du!» Underforstått: I sonett-tradisjonen ligg det ein målestokk for litterær kvalitet, og Hauge ville nok – smålåten som han elles var – mæle seg med dei aller beste lyrikarane.
Sonetten er ei klassisk diktform som skriv seg frå Sicilia på 1200-talet. Dei mest kjende sonettdiktarane på verdsbasis er Francesco Petrarca, William Shakespeare og Rainer Maria Rilke. Norske sonettar finn me òg, men tradisjonen har ikkje fått like mykje merksemd her til lands. Forskingsnettverket for poetisk tenking arrangerer difor eit seminar som vil kasta ljos over kjende og ukjende norske sonettdiktarar. Seminaret tek føre seg sonettar av diktarar som Camilla Collett, A.O. Vinje, Kristofer Uppdal, Aslaug Vaa, Olav H. Hauge og Per Olav Kaldestad.
Program
Fredag 12. september: Historiske liner og sonetten i lange strekk.
Kl 11.00. Stein Arnold Hevrøy og Kristian Lødemel Sandberg: Nedslag og samanhengar i sonettens nynorske litteraturhistorie. Frå klingerim til lausaktige sonettar
Kl 11. 30. Fredrik Parelius: Dikt for døde og syke – Camilla Collett, Dagny Juel og sonetten som minnetradisjon.
Kl 12.00-13.00 Lunsj
Kl 13.00. Elin Stengrundet: «Slik er nissens hverdagspoesi»: Form og metapoetiske trekk i sonettkransen Nissens natt
Kl 13.30. Ole Karlsen: Om Karin Hauganes sonettsekvenser
Kl 14.00 Eva Pitronova: Kontemplasjon og lek i to skandinaviske sonettkranser, Inger Christensen og Karin Haugane
Kl 14.30-15.00 Pause
Kl 15.00. Hans Kristian Rustad: Tittel: «Form og reform, sonett og resonett. Sonetten som hendelse i et utval dikt av Henrik Ibsen»
Kl. 15.30. Eirik Vassenden: Den selvbiografiske, fortellende sonettsekvensen: Pablo Llambías’ Monte Lema (2011), Hundstein (2013) og Sex Rouge (2013)
Laurdag 13 september: Einskilde sonett-diktarar.
Kl 09.00. Jan Inge Sørbø: Om Aslaug Vaas sonetter
Kl 09.30. Hadle Oftedal Andersen: Ulike aspekt av tid i nokre sonettar av Olav H. Hauge
Kl 10.00-11.00 Pause
Kl 11.00. Ingrid Nielsen: Om Göran Sonnevi og sonettens minstemål
Kl 11.30. Ingrid Skjerdal: Kattar i form – ei felin sonett-sondering med utgangspunkt i «Katte-sonette» av Ragnar Hovland

Event Venue

Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norway, Promenaden 7, 5730 Ulvik, Norge, Voss, Norway

Discover more events by tags:

Workshops in Voss

Sharing is Caring:

More Events in Voss

Turmat fr\u00e5 heile verda i L\u00e6rdal - R\u00e5dhusparken
Thu, 11 Sep at 03:00 pm Turmat frå heile verda i Lærdal - Rådhusparken

Rådhusparken Lærdalsøyri

Kamille Weekend 2025
Fri, 12 Sep at 03:00 pm Kamille Weekend 2025

VESTLIA RESORT

Bergen ACC sin 50 \u00e5rsjubileums fest
Fri, 12 Sep at 03:00 pm Bergen ACC sin 50 årsjubileums fest

Hardangerfjord Hotel

Fjellatter 2025
Fri, 12 Sep at 07:45 pm Fjellatter 2025

Klypeteigane, 5713 Vossestrand, Norway

Haustmarknad i Hol
Sat, 13 Sep at 11:00 am Haustmarknad i Hol

Nerolsgutu 7/Hol Ysteri

GALDANE RUNDT 2025
Sat, 13 Sep at 11:00 am GALDANE RUNDT 2025

Seltuntunnelen

BJ\u00d8RN HELLFUCK (Support: Pornofilm)
Sat, 13 Sep at 08:00 pm BJØRN HELLFUCK (Support: Pornofilm)

Voss Idrettshall

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events