Advertisement
Margreth Olin er ein av Noregs mest markante filmskaparar. I fjor haust debuterte ho også som forfattar med romanen "Song til mor". John Olav Nilsen er musikar, poet og låtskrivar, og har dei siste åra gjort stor suksess med bandet John Olav Nilsen & Nordsjøen.No skal Margreth og John Olav møtast og snakke om kva litteratur dei liker og om kva meining litteratur kan gi. Kva dikt eller bokutdrag vil dei gi kvarandre i gåve? Kva dikt kan dei utanåt? Har dei nokon gong lese noko dei opplevde som sanninga med stor S? Dette og meir til får vi svar på når dei møter kvarandre til eit litterært stemnemøte, leia av Mona B. Riise.
Samtalen er på norsk.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway, Østre Skostredet 5, 5017 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, Norway
Tickets