Advertisement
Vi inviterer til eit djupdykk inn i ein av verdshistorias mest kjende romanar, når podkasten Leselaget les Les Misérables av Victor Hugo. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med!Del 5:
Handlinga i Les Misérables går føre seg med ein uroleg politisk bakgrunn. Det er berre få år sidan revolusjonen, og statskuppet til Napoleon i 1799 er framleis ferskt. Fridommen er innskrenka. Dei sosiale skilnadane er enorme. Folket lir, svolt og urettferd framprovoserer frå tid til anna blodige gatekampar der desperate sivile gjer opprør mot politi og myndigheiter. Mot slutten av romanen lar Hugo oss få bli med inn i eit slikt opprør. Karakteren Marius, den unge og engasjerte kjærasten til Cosette, Jean Valjean si elska fosterdotter, blir nesten drepen i opprøret.
Er revolusjonens tid forbi? Kven er villig til å gå til revolusjon i våre dagar? Treng vi ein skikkeleg revolusjon? Og kva er vi villige til å risikere livet for?
Dagens gjest er forfattar, historikar og fagforeiningsmann Jonas Bals.
«Et opprør ligner en snøball, og øker som den, mens den ruller av sted, med en forvirret mengde mennesker.» (Frå Les Misérables)
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge, Oslo, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.










