Advertisement
I samband med lanseringa av årboka for 2025 bli det i år også ei 40-års feiring av Historielaget. Direktør for VTM, Dag Rorgemoen, vil halde foredrag om Christian von Koss, den unge krigshelten frå den store nordiske krigen. Han blei utkommandert til Lårdal. Her skulle han gjere soldat av vest-telane. Men han engasjerte seg snart i mangt anna som brynesteinshandel, tømmerfløting og handel. Han sette i gang att koparverket på Åmdals Verk og han handla til seg ei mengd eigedomar. Men bråk og strid følgde Svarte-Koss, og han sytte for å fylle rettsbøkene med mange og omfattande saker. Enno lever segnene om han, men kva er sant og kva er rett? Og kva var Koss eigentleg for type?I tillegg til dette vil du få høyre litt om soga til historielaget. Kaffi og kake blir servert. Gode røur, og sikkert ein allsong eller to.
Boka kan du få med, er du medlem får du den med gratis, viss ikkje kan du få kjøpe den.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Misjonshuset i Kviteseid, Dalanvegen 15, 3850 Kviteseid, Norge, Notodden, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






