«Arendal, 1885. Seglskutene lossar varer i hamna. Krystallysekronene er blankpussa. Borgarskapet gler seg til det årlege maskeradeballet.
Den rike arvingen Axel Herlofson har bygd eit imperium som banksjef og skipsreiar og eig halvparten av verksemdene i byen. For folk i Arendal er han vegen til velstand. Hangen hans til opium, gambling og yngre menn er ikkje like kjend.
Den unge revisoren Thomas Berntzen sit på banksjefens nabokontor og er heilt i hans vald. Når han finn feil i rekneskapen, er han redd for å miste både jobben og den store kjærleiken. Den einaste han kan dele uroa si med, er Agnes Mercier. Den elegante kvinna frå Paris driv kjolesalongen i byen, men skjuler både den skandaløse fortida si og Axels løyndommar. Så byrjar nettet å rakne.
Gamle ideal fell for nye idear. Dei beste familiane viser seg å vere dei verste, og ingen veit sanninga om kvarandre. Krakk er ein storslått roman om kjærleik, svik og klassekamp, basert på den verkelege historia om svindelen som endra Noreg.»
Guri Idsø Viken (f.1979) er litteraturvitar, journalist, samfunnsdebattant og politisk rådgivar i Frivillighet Norge. Ho har vore juryleiar for Sørlandets litteraturpris og har tidlegare gitt ut Magnhild, en roman om sex, fyll og offentlig forvaltning saman med Inger Johanne Sæterbakk.
Billett i døra, pris: Kr 150,- for medlem, kr. 250,- for ikke-medlem, prisen inkluderer enkel lunsj.
Mer informasjon: https://midt-telemark-seniorlering.no/aktivitet/kaseri-om-krakket-i-arendal-og-om-boka-krakk-ved-forfatter-guri-idso-viken/?instance_id=137
Event Venue
Gullbring Kulturhus, Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark, Norge, Notodden, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





