Advertisement
Velkommen til ein skamlaus kveld om kvinners helse og seksualitet! Me har vore så heldige å få med oss fagspesialistane Beate Alstad og Malin Wästlund. Dei to vil snakke om naturleg seksualitet og kvinnehelse i eit livsløpsperspektiv.
Malin og Beate vil m.a. fortelle om korleis vår fantastiske vulva fungerer. Dei kjem også inn på kva som styrkar og bremser seksualiteten, og korleis faktorar som overgangsalder, pornografi og ulike traumer spelar inn. Og sist men ikkje minst: korleis ein kan finne tilbake til seksuell glede og nyting om det har gått litt tapt.
Inngang: 200 kr
Studentar/skuleelevar: gratis
Litteraturhusmedlemmar: 100 kr
Billettar kan kjøpast i døra eller i forkant på Bø bok og papir.
Velkommen!
OM FOREDRAGSHALDARANE:
Beate Alstad: Autorisert klinisk sexolog (NACS)/ Klinisk spesialist i psykiatrisk sykepleie / Familieterapeut /Sykepleiefaglig veileder/Veileder i sexologisk rådgivning. Har jobba 35 år innan spesialisthelsetenesta, underviser både faggrupper og pasientar i klinikken, veiledar andre behandlarar, held foredrag, skriv artiklar innen fagfeltet, og har eit brennande engasjement for fremjing av seksuell helse – spesielt for dei som har vore utsett for seksuell vald. Har motteke fleire prisar for sitt arbeid med å fremje seksuell helse.
Malin Wästlund: Spesialfysioterapeut/Kunst- og uttrykksterapeut/ Sensorimotorisk psykoterapeut/PhD-kandidat. Har jobba 30 år innan spesialisthelsetenesta, i hovudsak med traumebehandling og sidan 2017 med rehabilitering av traumatisert seksualitet. Medforfattar til boka «Mindfulness og Medfølelse - en vei til vekst etter traumer». Underviser og veiledar.
Beate og Malin har saman utvikla kurset «Ta seksualiteten din tilbake», eit tilbod for kvinner som har vore utsett for seksuell vald, som dei også har utarbeida ei eigaterapeututdanning for. I tillegg har dei skrive boka «Omkamp! Seksualitetens utfordringer og gleder». Denne er for salg på Bø bok & papir.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Bø bok og papir - Bygdas litteraturhus, Bøgata 52, 3800 Bø i Telemark, Norge, Notodden, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






