Kveldskurs i Complete Vocal Technique - med masterclass

Tue May 06 2025 at 06:00 pm to 09:00 pm UTC+02:00

USF Verftet | Bergen

Kveldskurs i Complete Vocal Technique - med masterclass
Advertisement
Vil du lære meir om konkrete, effektive teknikkar for sunn stemmebruk over 5 tirsdagskveldar? Vil du lære meir om støtte/pust, registerovergangar, synge lysare/djupare, synge med meir eller mindre volum i høgda/mellomregisteret, korleis forme klangfargen? Vil du lære eit kart over stemma som gjer at du kan kan synge i ulike sjangre frå pop via rock til klassisk? Bodil skal for første gong på ca 10 år halde kveldskurs i Komplett Sangteknikk, der du får konkrete tilbakemeldingar på dine unike utfordringar uansett om du er amatørsongar eller profesjonell. Alt basert på enkelt forklart anatomi og fysiologi!

Dersom du vil gå grundig til verks med sangen, kan eg anbefale dette 5-vekerskurset. Tilsaman blir det 15 intense timar med sangtrening. Du får god valuta for pengane samanlikna med å ta privattimar, og det passar både for amatørar og profesjonelle, så lenge du er motivert for å øve og lære.

Du får heilt konkrete og enkle verktøy til å utvikle di eiga stemme. Det einaste du treng å gjere er å øve, så vil resultata komme!
Om kurs-opplegget:
Vi startar kvar kveld med å gå gjennom dagens sangtekniske fokus, der vi alle testar ut i fellesskap. Etterpå er det masterclass, der kvar enkelt songar har med ein song dei har ei utfordring med/noko dei vil lære, og får spesifikk hjelp til den. (Du syng utan komp, eller du har med backtrack). Vi skapar ei trygg atmosfære, der alle syng foran kvarandre. Du lærar like mykje av å høyre på andre få undervisning, som å få hjelp til eigen song. Du lærer at alle har sine utfordringar, uansett nivå.
Om Bodil Rørtveit
Bodil Rørtveit er songar og songpedagog og har lang erfaring med undervisning av songarar, både profesjonelle og glade amatørar. Ho er kjend som ein inspirerande instruktør, arrangør og komponist. Bodil er sertifisert vokal coach i Complete Vocal Technique sidan 2008, i tillegg har ho hovudfag (master) i musikk frå NTNU. Ho har vore songpedagog ved Den Nationale Scene i 11 år og ved Griegakademiet i 2 år. Bodil har erfaring innan mange ulike sjangre, både pop, jazz, folk, musikal, impro, eksperimentell- og klassisk musikk, og ho kan hjelpe deg uansett sjanger. Som utøvar og kunstnar skapar ho konseptuelle musikk- og scenekunstprosjekt, blant anna i samarbeid med Festspillene i Bergen og Bergen Filharmoniske Orkester og Stavanger Symfoniorkester. Og i april 2025 kjem hennar første soloalbum med atmosfærisk, acapella vokalmusikk.
Om Complete Vocal Technique (CVT)
Complete Vocal Technique (CVT) er eit sangteknikksystem utvikla av Cathrine Sadolin, basert på anatomi og fysiologi. Ho er ein av dei framste stemmeforskarane i verda. CVT omhandlar alle sjangrar og stilartar, frå klassisk via pop til heavy metal, og gir deg enkle, konkrete verktøy for å løyse dine sangtekniske utfordringar. Systemet brukast av profesjonelle og amatørar over heile verda, og passer for alle nivå og sjangre. Complete Vocal Institute (CVI), som vart grunnlagd i København i 2005, er i dag Europas største sanginstitutt, med utdanningar i flere europeiske land. Bodil Lunde Rørtveit er autorisert lærar i CVT.
Tid: tirsdagar kl 18-21, med start 6. mai
Stad: USF Verftet, studio 352
Kun 6-8 plassar, førstemann til mølla!
Påmelding: send mail til [email protected]
tlf: 45 25 75 87.
Early bird pris, til og med torsdag 3. april: 4990 kr
(tilsamanlikning kostar 15 sangtimar med Bodil 17850 kr)
Påmelding etter 3. april: 5990 kr
Siste påmeldingsfrist 11. april.

Datoar:
6. mai
13. mai
(ikkje 20. mai)
27. mai
3. juni
10. juni
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

USF Verftet, Georgernes Verft 12, 5011 Bergen, Norge,Bergen, Hordaland, Norway

Sharing is Caring:

More Events in Bergen

Lesesirkel for samtidslitteratur 5. mai
Mon, 05 May, 2025 at 06:00 pm Lesesirkel for samtidslitteratur 5. mai

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway

Daniel Sand\u00e9n-Warg & Anders R\u00f8ine
Mon, 05 May, 2025 at 08:00 pm Daniel Sandén-Warg & Anders Røine

Litteraturhuset i Bergen

Nok. landskonferanse 2025: Relasjonskraft
Tue, 06 May, 2025 at 08:30 am Nok. landskonferanse 2025: Relasjonskraft

Radisson Blu Royal Hotel, Bergen

Foredrag: Bj\u00f8rn West i fredsdagene 1945
Tue, 06 May, 2025 at 12:00 pm Foredrag: Bjørn West i fredsdagene 1945

Haakon Sheteligs plass 15, 5020 Bergen, Norway

Litter\u00e6r lunsj med KODE
Tue, 06 May, 2025 at 12:00 pm Litterær lunsj med KODE

Bergen Offentlige Bibliotek

KIRKEMIDDAG MED LOPPEMARKED 16.30-18.30
Tue, 06 May, 2025 at 04:30 pm KIRKEMIDDAG MED LOPPEMARKED 16.30-18.30

Fyllingsdalen Kirke

100 dager med ny president i USA | Hans Olav Lahlum | Bergen
Tue, 06 May, 2025 at 07:00 pm 100 dager med ny president i USA | Hans Olav Lahlum | Bergen

Salem Konferansesenter

Stedet: \u00d8ystein Helles\u00f8e Brekkes beretning om hanseatenes Bergen
Tue, 06 May, 2025 at 07:00 pm Stedet: Øystein Hellesøe Brekkes beretning om hanseatenes Bergen

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway

LittKviss 6. mai
Tue, 06 May, 2025 at 08:00 pm LittKviss 6. mai

Østre Skostredet 5-7, 5017 Bergen, Norway

Nordic Media Days
Wed, 07 May, 2025 at 08:30 am Nordic Media Days

Nordiske Mediedager

Seniortur Gr\u00f8n\u00e5s\/R\u00f8sland\/Svenheim
Wed, 07 May, 2025 at 10:00 am Seniortur Grønås/Røsland/Svenheim

Grønås, 5282 Lonevåg

Salmekveld i Domen - V\u00e5r
Wed, 07 May, 2025 at 06:00 pm Salmekveld i Domen - Vår

Bergen Domkirke

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events