Advertisement
Kurt Sagen Jazz KvartettSidan vi starta med "vorspiel" i midten av juni, så er det på tide med eit "nachspiel" i slutten av august! Vi avsluttar 2025-sesongen på fredag 22.august - då inviterer Kyrkjehola kulturbeite til jazzkafe på Nilsgardstunet med «Kurt Sagen Jazz Kvartett».
Dette bandet har musikarar frå Ålesund, Haram og Molde; Sven Bernt Ellingseter på saksofonar, Miki Campins på slagverk, Erik Kristoffer Jenset på kontrabass/vokal og Kurt Sagen som bandleder og gitarist.
Sagen har i ei årrekke markert seg innan jazz og underhaldningsmusikk i regionen. Han har i si lange fartstid som musikar vore leiar og gitarist i kjende lokale band som «West Coast Swing», «Blue Horn Jazzband», «Intermezzo Duo», «Molvær/Sagen Trio» og «Møre Swing Band». Bandet spelar klassiske jazzlåtar, krydra med eigne arrangement. Dette er stemningsfull og iøyrefallande akustisk jazz for folk flest, og mange av melodiane blir framført i brasilianske rytme som bossa nova og samba. Bli med oss å avslutte sommarsesongen med god musikk og noko godt i glaset!
Billettpris: kr. 200,- ( kr. 100,- for medl. i Fortidsminneforeningen)
Kjøp billett på Vipps #911184
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Nilsgardstunet, Stordal, Stordalsvegen 573, 6250 Stordal, Norge, Molde, Norway