Advertisement
Torsdagskringla for oktober blir i år på Kulturnatta, fredag 7. november.Oddgeir Bruaset er ute med ny bok, Vegen som vart min. Vanlegvis stiller han seg i bakgrunnen, men i denne boka plasserer han seg i midten og fortel om sitt innhaldsrike liv. Og det er dette han skal snakke om og vise bilete ifrå på Kulturnatta på biblioteket i kveld.
Bruaset har i over 40 år samla det norske folket framfor TV-skjermen og radioen. Han er mannen bak den folkekjære serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, og har rørt og engasjert med nære skildringar av levd liv.
Men kven er mannen som gjennom alle desse åra har stått bak kameraet? I denne boka fortel Bruaset om oppveksten i Romsdal, om hardt arbeid og enkle kår, om den underlege vegen til NRK og om valet mellom kateter og mikrofon. Vi får også innblikk i korleis Bruaset har kome nær folk med eit kamerateam på slep.
I boka får vi eit gjensyn med små og store hendingar frå eit langt journalistliv. Bruaset har jobba med alt frå å dekke nyheiter og tragediar, til å lage program om storslått natur, om kvardagsmenneske, så vel som dronning Sonja og Erik Bye. Boka er også ei forteljing om motkultur og livet i utkanten.
Oddgeir Bruaset er utdanna adjunkt, men har jobba i NRK i nesten heile sitt yrkesliv. Utanom å ha laga hundrevis av radio- og TV-program har han skrive meir enn 30 bøker og er ein etterspurd foredragshaldar.
Stryn bokhandel vil vere tilstades for å selgje bøker.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Hegrevegen 1, 6783 Stryn, Norway, Hegrevegen 1, 6783 Stryn, Norge, Stryn, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







