Advertisement
Magnhild Hagelia (1904-96) fra Gjertstad, braut mangebarrierar. Mest merksemd fekk ho 9. februar 1962 då
ho som første kvinne leia eit møte i nasjonalforsamlinga, i Lagtinget, men ho var òg den første kvinna frå Agder på Stortinget og den første kvinna i landet til å stå øvst på ei valliste. På Stortinget (1950-65) kjempa ho for kvinners rettar og arbeidde
mykje med bustadspørsmål, særleg for einslege kvinner. På 1950-talet bygde ho hus i Fjære. Etter stortingsåra engasjerte ho seg i lokalpolitikken i Grimstad medan ho skjøtta arbeidet hos
Fylkesrevisoren. I pensjoniståra arbeidde ho mykje med lokalhistorie. Ho blei ein skatta føredragshaldar og kåsør på tvers av alle skilleliner.
Alf Kjetil Igland er fødd i Fjære i 1949 og utdanna filolog med norsk hovudfag og engelsk og journalistikk i fagkrinsen. Han har hatt ei rad stillingar og verv i media og akademia, sist ved Universitetet i Agder, som han framleis er knytt til som forskar og sakprosaforfattar.
Påmelding:
På e-post: [email protected]
Eller på telefon: 37 25 01 90
Denne aktiviteten er en del av serien Kulturmøte som er et samarbeid med Frivilligsentralen i prosjektet Brobyggere, støttet økonomisk av Helsedirektoratet
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Jernbanebrygga 1, 4876 Grimstad, Norway, Jernbanebrygga 1, 4876 Grimstad, Norge, Grimstad, Norway