Kristin Bolstad GJE MEG FRED - lanseringskonsert

Fri Jan 16 2026 at 07:00 pm to 10:00 pm UTC+01:00

Cosmopolite Scene | Oslo

Kristin Bolstad
Publisher/HostKristin Bolstad
Kristin Bolstad GJE MEG FRED - lanseringskonsert
Advertisement
«Gje meg fred» fortel historia om ei sjeleleg og eksistensiell reise gjennom eitt år, og er eit personleg og nært prosjekt som handlar om kjærleik, svik, transformasjon og indre konfliktar.
Endeleg blir det tid for lanseringskonsert av "Gje meg fred", eit konseptalbum som vart gjeve ut 22.september 2025. "Gje meg fred" er eit konseptalbum med 11 låtar som befinn seg i alternativ visejazz-landskapet, eit sjangerrikt og sjangerfritt album med låtar som fortel historia om svik og indre konfliktar - samt det å møta seg sjølv i møte med andre. Alle låtane er skrive og framført på Kristin Bolstad sin eigen vestlandsdialekt.
Kristin Bolstad sine eigne demo-opptak av vokal og piano gjort i stova heime hjå seg sjølv, dannar grunnlaget og utgangspunktet for innspelinga, der pålegga gjort i studio av dei andre musikarane bygger seg rundt Kristin sine eigne opptak. Dette forsterkar det intime og sårbare uttrykket i musikken og framføringa. Flyktige einarar, flytande puls, uventa akkordprogresjonar og overraskande melodiske vendingar, inviterte til det som har blitt til kreative og leikne arrangement som gjennom eksperimentelle tilnærmingar beveger seg sjangerlaust rundt, utan å rokka ved det insisterande og desperate uttrykket i dei originale demo-opptaka.
"Gje meg fred" fortel historia om det om det å klamra seg fast og det å gje slepp, og om sterke møter og relasjonar fylt med kjærleik, svik, sorg, oppvakning, tvil, håp, og knuste draumar. Songane har eit enkelt preg og noko umiddelbart, rett fram og nesten primitivt ved seg, insisterande og trassige med eit djup og mørke som både rører og er ubehageleg. «Gje meg fred» handlar både om å mista seg sjølv og finna seg sjølv, om suget etter endring og tryggleiken i det å bli, om tvil og frustrasjon, glede og spenning, om det å ha fred med seg sjølv og det å få fred for andre.
Bandet består av eit stjernelag av musikarar med ulik sjangertilknyting og bakgrunn, og som består av:
Kristin Bolstad - vokal/piano
Kjetil Schjander Luhr - tangentar
Oddrun Lilja Jonsdottir - gitar
Signe Førre - bass
Øystein Bang - trommer/perk
Karl Seglem - tenorsaksofon/bukkehorn
Kristina Farstad Bjørdal - akkordeon
Stemmeklang - kor
Det blir salg av kunstfotobok og CD på konserten.
Foto: Kristin Aafløy Opdan

BELLEVILLE SCENE (Cosmopolite), Oslo
Dørene opnar kl 19
Konserten startar kl 20
Billettar: https://cosmopolite.no/program/belleville/2026/januar/kristin-bolstad-gje-meg-fred-lanseringskonsert
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Cosmopolite Scene, Vogts gate 64, 0477 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Discover more events by tags:

Music in OsloEntertainment in Oslo

Ask AI if this event suits you:

More Events in Oslo

Town Portal + SUBNOIR \/\/ Vaterland
Thu, 15 Jan at 08:00 pm Town Portal + SUBNOIR // Vaterland

Brugata 9, 0186 Oslo, Norway

Standup med Mert og venner
Thu, 15 Jan at 09:00 pm Standup med Mert og venner

Nieu Torshov

Seminar: Talentutvikling i jazz og rytmisk musikk
Fri, 16 Jan at 09:30 am Seminar: Talentutvikling i jazz og rytmisk musikk

Slemdalsveien 11, 0369 Oslo, Norway

Treningssamling for Marianne og Ingeborg
Fri, 16 Jan at 05:00 pm Treningssamling for Marianne og Ingeborg

Øvre fossum gård

Veslem\u00f8y Narvesen | Parkteatret | 18+ og Yngling (fri alder)
Fri, 16 Jan at 06:00 pm Veslemøy Narvesen | Parkteatret | 18+ og Yngling (fri alder)

Olaf Ryes plass 11, 0552 Oslo, Norway

Vil du l\u00e6re valdresspringar?
Fri, 16 Jan at 06:00 pm Vil du lære valdresspringar?

Nordahl Bruns gate 22 B, Oslo, Norway

Konsertteater DSCH
Fri, 16 Jan at 07:30 pm Konsertteater DSCH

Den Norske Opera & Ballett

Nils Petter Molv\u00e6r & Daniel Herskedal \/\/ Nasjonal jazzscene
Fri, 16 Jan at 08:00 pm Nils Petter Molvær & Daniel Herskedal // Nasjonal jazzscene

Karl Johans gate 35, 0162 Oslo, Norway

Milonga Social Tdj:Thea
Fri, 16 Jan at 08:00 pm Milonga Social Tdj:Thea

Arkitektenes hus

Little Ladder | SALT
Fri, 16 Jan at 08:00 pm Little Ladder | SALT

SALT art & music

The Magnificent Buffalo Train Band \/\/ MIR
Fri, 16 Jan at 09:00 pm The Magnificent Buffalo Train Band // MIR

Toftes gate 69, 0552 Oslo, Norway

Fr\u00e6dag: John Talabot + g-HA & Olanskii + \u00d8yvind Morken
Fri, 16 Jan at 10:00 pm Frædag: John Talabot + g-HA & Olanskii + Øyvind Morken

Jaeger Oslo

Oslo is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Oslo Events