Advertisement
Christian Blex, dirigentArtturi Alto, cello
Antonín Dvořák: Cellokonsert
Pjotr Tsjajkovskij: Symfoni nr. 5
Vårens vakraste musikalske eventyr? Det er alltid noko heilt spesielt når Kork samarbeider med unge musikarar, dei som skal ta steget ut i eit profesjonelt musikkliv. Orkesteret fortsett med ein over 30 år gammal tradisjon: å la dei beste unge studentane frå Noregs musikkhøgskole få ha eksamen med orkesteret.
I år er turen kome til dirigentkandidaten Christian Blex. Dirigent Blex skal gje oss ein av dei feitaste symfoniske biffane. Tsjajkovskijs femte symfoni skildrar både tung skjebne og korleis kampen blir krona med siger.
Konserten har òg ein solistkandidat, Artturi Alto på cello. Han slår til med ein av musikkhistorias mest populære cellokonsertar. Antonín Dvořák skreiv cellokonserten da han var i Amerika. Han var invitert over for å hjelpe til med oppbygginga av den unge statens musikkliv. Sjølv sa han at dei allereie hadde musikk dei kunne vere stolte av: slavanes negro spirituals og urfolkas musikk. Ein kan høyre nokre av inspirasjonane i cellokonserten, men kanskje vel så mykje ein tsjekkar som lengtar heim.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
NRK Store Studio, Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1,Oslo, Norway
Tickets