Konsert i Årestoga: Malmin med Åshild Vetrhus

Wed, 05 Nov, 2025 at 08:00 pm UTC+01:00

Raulandsakademiet as | Notodden

Folkemusikkscena p\u00e5 Rauland
Publisher/HostFolkemusikkscena på Rauland
Konsert i \u00c5restoga: Malmin med \u00c5shild Vetrhus
Advertisement
Når tradisjon blir handsama med fryktlaus kjærleik, kan band som Malmin oppstå.
Duoen, som har spesialisert seg på tradisjonsmusikk frå Rogaland, har laga plate i trespann med folkesongar og suldøl Åshild Vetrhus. Det har blitt til eit minimalistisk, medrivande album av løynde lokale skattar frå gamle kjelder og arkivopptak.
Malmin sitt prosjekt er å formidle det djupt menneskelege i denne musikken og opne han opp for den moderne lyttaren. Og vegen dei har tatt går via hjartet.
Fele, langeleik, song og spesialbygd elgitar og mandolin blir fargelagt av vreng og forsterkarar. I møtet med moderne teknologi blir slåttane endå mektigare, og opnare – både for kjennarar av folkemusikk så vel som som for tilhengjarar av dronete, suggererande musikk i meir elektriske sjangrar utanfor hovudstraumen.
Utan kjende konsertfelespelarar i regionen, blei slåttemusikken i Rogaland aldri modernisert og bygd ut for bruk i framsyningar og konsertar. Slik bevarte denne musikken ein råskap og originalitet som tidvis er meir rock enn rocken sjølv. Derfor er det kanskje ikkje overraskande at rogalandsmusikken skulle bli møtepunktet for Anders Hana, som har bakgrunn frå eksperimentell støyrock, og Olav Christer Rossebø, som i årevis har bygd bruer i terrenget mellom norsk alternativ pop og folkemusikk frå USA, Hellas og Norge.
På denne konserten med Malmin og Vetrhus får ein høyre musikk for fest, for å elska, for å bøta på og omvenda seg – og musikk for å døy. Framført med driv, varme og kjærleik for fortida med tre par føter solid planta i våre dagar.
Lytt her:
https://malmin.bandcamp.com/album/med-shild-vetrhus
Inngang: 300,- / 150,- studentar
Førehåndssal av bilettar her https://checkout.ebillett.no/279/events/333/purchase eller ta sjansen i døra!
Kro og dans etter konserten
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Raulandsakademiet as, Notodden, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Notodden

KroaLAN \/\/ KROA I B\u00d8
Fri, 07 Nov at 03:00 pm KroaLAN // KROA I BØ

Lundevegen 61, 3800 Bø i Telemark, Norway

Rjukan Litteraturfestival 2025
Fri, 07 Nov at 05:00 pm Rjukan Litteraturfestival 2025

Rjukanhuset, Storstulgata, 3660 Rjukan, Norge

Kulinarisk Kino: La Cocina
Fri, 07 Nov at 06:00 pm Kulinarisk Kino: La Cocina

Notodden Kino

Kvinnekraft - Lansering av nettverket!
Fri, 07 Nov at 06:00 pm Kvinnekraft - Lansering av nettverket!

Vasstulan 1100

VILLSKUDD & PAPER CROWN KONSERT
Fri, 07 Nov at 07:00 pm VILLSKUDD & PAPER CROWN KONSERT

VINJAR - VINJEVEGEN 1441

Bygdefest - Live med Remi!
Fri, 07 Nov at 08:00 pm Bygdefest - Live med Remi!

Nyveg 16, 3840 Seljord, Norway

Joleopning
Sat, 08 Nov at 11:00 am Joleopning

Sanden galleri og gardsbutikk

Wencke M\u00fchleisen: Hetetokt - Rabalder med overgangsalder (Rjukan litteraturfestival 2025)
Sat, 08 Nov at 12:00 pm Wencke Mühleisen: Hetetokt - Rabalder med overgangsalder (Rjukan litteraturfestival 2025)

Rjukanhuset, Storstulgata, 3660 Rjukan

Nyopning av biblioteket! Foredrag, barneteater og jazzkonsert
Sat, 08 Nov at 01:30 pm Nyopning av biblioteket! Foredrag, barneteater og jazzkonsert

Garverivegen 6, 3850 Kviteseid, Norway

AVLYST: Helene Flood i samtale med Per Carlenius (Rjukan litteraturfestival 2025)
Sat, 08 Nov at 03:00 pm AVLYST: Helene Flood i samtale med Per Carlenius (Rjukan litteraturfestival 2025)

Rjukanhuset, Storstulgata, 3660 Rjukan

Heddal Idrettsgalla 2025
Sat, 08 Nov at 05:00 pm Heddal Idrettsgalla 2025

Heddalsvegen 597, 3677 Notodden, Norge

Notodden is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Notodden Events