Advertisement
I 2025 er det 200 år sidan dei fyrste utvandrarane frå Noreg dro til Nord-Amerika. I tiåra som fylgde reiste om lag 800 000 nordmenn over for å søkje lukka, og det vaks fram store norsk-amerikanske miljø, særleg i Midtvesten. Blant desse var musikarar, songarar og dansarar, som alle tok med seg norske tradisjonsuttrykk.Migrasjon er ein sentral del av den norske historia, også den folkemusikalske historia. Norsk folkemusikklag ynskjer å belyse den transatlantiske utvekslinga av folkemusikk- og dansetradisjonar gjennom konferansen “Folkemusikk på vandring” – NFL sin fagkonferanse for 2025. På denne konferansen vil vi bli betre kjend med nokre av dei som utvandra, og med korleis folkemusikk- og dansetradisjonane etter dei norske utvandrarane har utvikla seg fram til våre dagar.
Temaa på konferansen spenner breitt, frå konsertføredrag om meisterspelemannen Olav Moe sine spelferder i Amerika på starten av 1900-talet, til innlegg om dagens folkedansgrupper i det øvre Midtvesten. Om springartradisjonen i Nord-Amerika, og korleis den kjem til uttrykk i dag, og om den norske folkesongen på andre sida av havet.
Dette blir ei sjeldan moglegheit til å få med seg eit breitt program som kastar lys over mange tema knytt til utvandringa og korleis den prega folkemusikken og -dansen. Vi håpar du vil nytte høvet, og at vi ser deg på konferansen!
Sjå heile programmet her: https://norskfolkemusikklag.wordpress.com/2025/08/28/folkemusikk-pa-vandring-transatlantisk-utveksling-av-folkemusikk-og-dansetradisjonar-2/
Meld deg på konferansen her (frist: 10. september): https://norskfolkemusikklag.wordpress.com/2024/09/16/pamelding-til-nfl-konferanse-17-til-19-september-pa-rauland/
Foto: Anno Musea i Nord-Østerdalen (public domain)
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Akademiet 2, 3864 Rauland, Raulandsvegen 1217, 3864 Skålestrondi, Norge, Notodden, Norway