Advertisement
Alver bibliotek og Alver frivilligsentralar inviterer tilKlesbytedag & klesfikseverkstad
Torsdag 24. april kl. 17-19- Biblioteket Knarvik
Måndag 28. april kl. 17-19- Biblioteket Manger
KLESBYTEDAG:
Forny garderoben på ein miljøvenleg måte. Kom på klesbytedag og finn nye skattar!
Ta med inntil 7 reine plagg i god stand – for kvart plagg du leverer, får du ein klesbytelapp som du kan bruka til å velja deg noko nytt. Me tek imot dame-, herre- og barneklede, og dessutan sko. Alt må vera heilt og reint.
Innlevering av klede:
📍 Biblioteket på Manger og i Knarvik, 21.- 24. april
og på sjølve klesbytedagen.
KLESFIKSVERKSTAD
– Gi kleda dine nytt liv!
Har du klede som treng ein liten reparasjon eller som du vil gjera om til noko nytt? På klesfikseverkstaden har me symaskiner og alt du treng for å kome i gang.
Arrangementet er ein del av biblioteka si berekraftsveke!
Veke 17 er valde fordi det er 17 mål i FNs berekraftsmål. Måla er ein felles arbeidsplan for verda om å utrydda fattigdom, nedkjempa ulikskap og stoppa klimaendringane innan 2030.
Veka er eit initiativ frå Norsk bibliotekforeining i tett samarbeid med danske bibliotek.
Sjekk ut dei spennande utstillingane våre på biblioteket for boktips, bli med på klesbytedag og fikseverksstad på Manger og i Knarvik.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Biblioteket i Knarvik, 2 etasje AMFI Knarvik, Kvernhusmyrane 33, 5914 Isdalstø, Norge,Knarvik, Bergen, Norway