Advertisement
💛 KJÆRLEIKSSPRÅK OG GENSERVARME- Kva får deg til å kjenne deg elska?
- Og kva treng den du er glad i?
Vi inviterer til eit heilt spesielt vinterarrangement i den gamle løa – med fyr i peisen, suppe, varm drikke og eit foredrag som varmar 💬🔥
✨ Bjørk Matheasdatter kjem til Galleri Rustica!
Ho er forfattar, relasjonspedagog med 30 års erfaring, fast spaltist i Tara, og ein kjend og kjær foredragsholdar ❤️
Søndag 1. feb. kl. 13.00-15.00.
💬 Foredrag ved Bjørk Matheasdatter
🎶 Minikonsert med Elisa frå Sjøllaget
🧶 Sjøllaget sel garnpakkar og oppskrifter
☕ Suppe og varm drikke inkludert
🧥 Kle deg godt!
Låven er ikkje isolert – ull og varme klede er ein del av opplevinga. Vi fyrer i peisen og har pledd, så vi skal ikkje fryse.
✨ Dette er første arrangementet av 20 i Galleri Rustica sitt 20-årsjubileumsår – ein start med varme - i genseren og i hjartet.
Galleri Rustica, Bjørk og Sjøllaget skaper saman ei stemning av varme, kreativitet og fellesskap – midt i vinterkulda, med fyr på peisen, varmt i kopp og kropp og ein liten minikonsert med Elisa. Dette er kortreist, ekte og varmt – nett slik vi likar det.
Det vil bli høve til å kjøpe signerte bøker etter foredraget ❤️
🎟 Pris: 250 kr | Student/honnør 100 kr | Par 400 kr
Påmelding til vipps 9916 9281 Leif Johnsen
💛 Ta med ein du er glad i – eller kom åleine. Få med deg dette!
🌟 Presentasjon av Bjørk Matheasdatter
Ho er er ein kjend forfattar og relasjonspedagog med over 30 års erfaring i arbeid med kjærleik, relasjonar og mellommenneskeleg kommunikasjon. Ho har i mange år vore ei viktig og tydeleg røyst i den offentlege samtalen om nære relasjonar i Noreg.
Bjørk var i ei årrekkje fast spaltist i Dagbladet Magasinet, der ho nådde eit breitt publikum med kloke, varme og konkrete refleksjonar om samliv, familie og det å vere menneske i relasjon med andre.
I dag er ho fast spaltist i magasinet Tara, der ho framleis deler erfaring, innsikt og praktisk relasjonskunnskap med lesarane.
Ho har skrive fleire bøker som har betydd mykje for mange:
📚 Å elska og bli elsket
📚 Å se og bli sett
📚 Å løfte og bli løftet
Bøkene hennar er kjende for eit språk som er nært, klokt og lett å kjenne seg att i, og for å kombinere fagleg tyngd med levd liv. Bjørk skriv om kjærleik slik han faktisk blir erfart – med både sårbarheit, varme og håp.
Ho arbeider no med ei ny bok om kjærlighetsspråka.
I foredrag og møte med publikum er Bjørk kjend for si evne til å skape rom for refleksjon, gjenkjenning og nye perspektiv – og for å formidle komplekse tema på ein enkel, menneskeleg og inkluderande måte.
🌟 Presentasjon av Sjøllaget – kortreist strikkeglede
Sjøllaget er skapt av tre kunst- og handverksstudentar – Elisa, Sofie og Guro – med felles kjærleik til å lage ting sjøl. For dei handlar handverk om ro, meistring og gleda av å sjå noko vekse fram i eigne hender.
No kjem dei til Galleri Rustica på det første arrangementet i jubileumsåret, og inviterer til kortreist strikkeglede. Elisa bur på Holmeknappen, eit steinkast frå galleriet, og vil sjølv vere til stades under arrangementet med sine oppskrifter, garnpakker og sang.
Her får du høve til å sjå og kjøpe strikkeoppskrifter og garnpakker som inspirerer til å lage noko sjølv – anten du er nybyrjar eller erfaren strikkar. Alt dei tilbyr er laga med omtanke og kjærleik, og reflekterer den gode, langsame gleda ved handverk.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norway, Holmeknappen 49, 5918 Frekhaug, Norge, Bergen, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











