Advertisement
Torsdag 12. desember kl 19.30 er det igjen duka for julekonsert i Arna kyrkje. Då får me høyre sjølvaste Liv-Margrethe Muren Harila (kjend frå the Voice 2024) saman med prosjektkor, Arna og Ytre Arna kyrkjekor, profesjonelle musikarar og lokale talent. Victoria Hop er eit ungt songtalent som trass si unge alder allereie har vore solist på dei store scenar. Arna kyrkje sin eigen sølvstrupe, Cathrine Snipsøyr, Arna kyrkje si eiga sølvstrupe, deltek óg. Vidare får me høyre trompetisten Ørjan Hammer Vollvik, eit unikum på sitt instrument. Saman med Sigurd Steinkopf - trommer og Øystein Høynes – bass er desse nokre av dei mest framstormande unge musikarane som det yrande musikklivet i Bergen har å by på. Kantor Olav Arne Steinkopf er musikalsk ansvarleg og vil vere kapellmeister på konserten. Korpedagog Tone Synnøve Øygard Steinkopf, er dirigent.Det vert eit svært variert repertoar med nytt og gamalt, tradisjonelt og utradisjonelt hand i hand, knytta til jul og advent.
Det er kollekt ved utgangen.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Lakslia 21, 5261 Indre Arna, Norway, Lakslia 21, 5261 Indre Arna, Norge,Bergen, Hordaland, Norway