Advertisement
Søndag 14. desember kl. 12–17Bli med på ein stemningsfull førjulsdag for heile familien. Opplev julepynta fabrikk, kreative verkstadar, musikalske overraskingar, kunstutstillingar og julehandel med lokale produkt.
Krone Kafé serverer lussekattar, gløgg og julegraut – og nissehuer får ei lita overrasking!
Båt med Rødne frå Zachariasbryggen kl. 12, retur frå Salhus kl. 16.
Velkommen til ekte julekos i historiske omgjevnader!
+ Kreativ verkstad med mulighet for å lage julepynt og julegaver
+ Musikalske overraskingar i fabrikken
+ Loddtrekking i butikken kl.15.00 med mogelegheit for å vinne gåvekort frå museumsbutikken med lokalt produserte julegåver
+ I butikken er det juleutstilling med lokalt kunsthandverk og gode tilbod
+ Krone Kafe har lussekattar, gløgg og julegraut og skikkeleg julestemning
+ Kjem du med nisselue får du ei lita overrasking i museumsbutikken (born under 15 år)
+ Kunstutstillingar i fabrikken: «Overgangar» i Galleri Salhus med Hanne Øverland og Sidsel Palmstrøm, og studentutstilling frå BAS på Ullaloftet
Gratis inngang på museet.
Eigen billett til Rødne Fjord Cruise kjem.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Salhusvegen 201, 5107 Bergen, Norway, Salhusvegen 201, 5107 Salhus, Norge, Bergen, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











