Advertisement
Hordaland Ungdomsbrassband (HUBB), under leiing av dirigent Tormod Flaten, inviterer til konsert saman med elitedivisjonskorpset Kleppe Musikklag! HUBB er eit samlingsbasert korps for ungdom i alderen 13-19 år frå heile gamle Hordaland fylke, som møtast for å øve saman 4 gonger i året. Denne helga har dei samling i Bergen sør, og programmet som blir presentert på konserten vil vere musikk dei har øvd inn denne helga. Kleppe Musikklag, under leiing av Bjørn Breistein, er invitert med på konserten som ein del av konsertserien "Inspirerande møter med elitekorps", der målet er å inspirere ungdommane til å ville utvikle seg ytterlegare musikalsk ved å spele konsertar saman med elitedivisjonskorps. Musikk er kjekkast når ein får dele det med andre, og alle er hjarteleg velkomne til å dele denne opplevinga med oss!
HUBB sitt program:
O.R.B. (Charles Anderson)
Song of the Night Sky (Christopher Bond, solist Olav Øian, kornett)
In Perfect Peace (Kenneth Downie)
Nordic Polska (Edenroth/Kallio arr Harper)
Mahalageasca (Mahala Rai Banda)
Kleppe Musikklag sitt program:
Activate (Matthew Hall)
Breaking into Silence - The Fruit of Faith is Love (Frode Rydland)
Fatal la Parte (Twisted) (Martin P. Winter, solist: Torstein T. Holmås)
Pageantry - Sats 1: King’s Herald (Herbert Howells)
Earth Rites (Robin Dewhurst)
Santa Claus-trophobia (Sandy Smith)
Gratis inngong.
Konserten er støtta av
Sparebanken Vest
Eikanger-Bjørsvik Musikklag
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Fana Kulturhus, Østre Nesttunvei 18,Bergen, Hordaland, Norway