Ikkje ein lyd

Sun Apr 06 2025 at 04:00 pm to 07:00 pm UTC+02:00

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway | Oslo

Det Norske Teatret
Publisher/HostDet Norske Teatret
Ikkje ein lyd
Advertisement
Om å vende tilbake, om å møte framande, om at det framande kan bli til noko kjent.
Kva skjedde?
Kvifor vart det sånn, heilt plutseleg?
At me er i lag heile tida?
Nokre gamle kjente eg ikkje har vore saman med på lenge,
ein ny ven som eg aldri før har møtt,
den systera eg er mest glad i
og ein nesten ny kjærast.
Korleis kan livet plutseleg verte... så godt?
Rakel har vendt tilbake til øya der ho vaks opp. Det er nokre år sidan no. Ho kom frå Oslo der ho budde altfor lenge, ifølgje henne sjølv. No finn ho glede i at fleire gjer som henne.
I Arne Lygres siste stykke Ikkje ein lyd møter vi sju ulike menneske som bur på same øya. Fire har vendt tilbake til heimplassen etter å ha forlate staden og levd delar av vaksenlivet ute. To er nye i det vesle samfunnet, mens ein av dei aldri drog. Nokre har funne til øya for å kome unna livet dei hadde, andre for å finne tilbake til det som eingong var, det som dei kanskje har mista.
Å vende tilbake
Lygre skriv ofte om menneske som forsvinn, eller søker seg bort. Denne gongen undersøker han kva som skjer når ein vender historia, og skriv om dei som kjem tilbake. Ikkje ein lyd handlar om det å vende tilbake til ein stad der ein før var ein annan, til eit liv nærare naturen, eller til stilla.
Å høyre til
Alle karakterane i Ikkje ein lyd ber på eit ønske om å leve meir sannferdig, setje pris på det ein har, vere saman og kjenne på at dei er mindre einsame. Dei er ikkje lenger unge, og dei slit med ei oppleving av å mangle noko i livet. Dei treng å høyre til ein stad. Ein fellesskap. Finst den ute i havgapet, på øya, der den varme sommaren ikkje ser ut til å ha ein ende?
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge,Oslo, Norway

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Oslo

E-Scooter Oslo City Tour
Tue, 08 Apr, 2025 at 10:00 am E-Scooter Oslo City Tour

Seafront Port Services Oslo

Casall Archive Sale Oslo
Tue, 08 Apr, 2025 at 11:00 am Casall Archive Sale Oslo

Sjølyst plass 3, 0278 Oslo, Norge

Tirsdagstreff
Tue, 08 Apr, 2025 at 11:00 am Tirsdagstreff

Hagapynten 38 C, 0673 Oslo, Norway

Bransjecruise \/\/ 2025 \/\/
Tue, 08 Apr, 2025 at 12:00 pm Bransjecruise // 2025 //

Color Line Fantasy Oslo - Kiel

Dypdykk: Strikking med perler
Tue, 08 Apr, 2025 at 01:00 pm Dypdykk: Strikking med perler

Nasjonalmuseet

Lydb\u00f8lgefestivalen 2025
Tue, 08 Apr, 2025 at 02:30 pm Lydbølgefestivalen 2025

Gamle Munch

Ny i Oslo SV
Tue, 08 Apr, 2025 at 05:00 pm Ny i Oslo SV

Stortinget

Fotballquiz med fotballidiot + kvartfinale
Tue, 08 Apr, 2025 at 05:30 pm Fotballquiz med fotballidiot + kvartfinale

Trondheimsveien 113, 0571 Oslo, Norway

Oslo is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Oslo Events