Hjørnevik & Iversen - Sambygg

Fri, 05 Sep, 2025 at 08:00 pm UTC+02:00

Myrkdalsvegen 7, 5713 Vossestrand, Norge | Voss

Zone Event
Publisher/HostZone Event
Hj\u00f8rnevik & Iversen - Sambygg
Advertisement
«Hjørnevik er Norges mest håreisande lyrikarhelt». Are Kalvø, komikar
«Eg ler like godt kvar gong». Christine Hope, komikar
«Jon Hjørnevik er vår favorittdikter. Fordi han er morsommere enn de fleste i Norge. Med sine rare og ustyrtelig morsomme dikt». Stand Up Bergen
«Jon Hjørnevik er vår tids Rabelais, en breddeholder i norsk litteratur, som aldri trekker mot midten av den offentlige smak». Thorvdald Steen, forfattar
«Du kan ikkje leva av å lesa dikt». Mor til Hjørnevik
«Fy faen så jævlig bra Hjørneviken». Full mann, frå Askøy
Jon Hjørnevik er frå Voss. Etter nokre hektiske morgontimar den 14.04.70 kunne jordmor Magnhild Undeland og mor hans ynskje Hjørnevik - heretter kalla forfattaren - velkommen til Voss fylkessjukehus. Far kunne ikkje vera tilstades under fødselen. Det var ikkje vanleg den gongen at barnefaren var det. Forfattaren vaks opp under knallharde kår frå fyrste dag. Det vart ein kamp der forfattaren tidleg viste seg å ikkje riktig strekke til. Han var svak i langrenn, svak i fotball og usikker i sitt møte med det motsette kjønn.
Det har likevel ikkje stått på innsatsen til forfattaren gjennom oppvekst, studietid og arbeidsliv. Men han har liksom aldri funne sjelero i noko der ute. Dette toppa seg då forfattaren sommaren 1999 vart tilsett som revisor i Kommunerevisjonen i Oslo. Han gjekk raskt inn i ein lang depresjon, som har sett djupe spor i forfattarskapen.
Forfattaren stakk frå sin revisorpost etter eit lite oppløftande år, og reiste verda rundt for å finne seg sjølv. Det gjorde han ikkje, og jula 2000 vart han tilsett som julenisse på Kløverhuset i Bergen. På same tid spela han kabaret saman med bestemora og ein sveitt kompis. Kabareten bar same namn som den første diktsamlinga hans, I ein sofa frå Korea, som på mange måtar oppsummerer eit turbulent og hardt forfattarliv.
Deretter har det vorte fleire diktsamlingar og halsbrekkande diktsamlingar: I ein sofa frå Korea, Den vanskelege andreboka, Shortsen til far min, Mor mi står i glaset, Flukta frå rekkehuset og Heimekontor i gravferda.
For dei som ikkje likar dikt er det nok av vakre gitartonar frå Iversen de kan høyre på.
Det vert gode sjansar for å kjøpe seg eit glas både før, under og etter framsyninga for dei som måtte ynskje det. NB: Det er også lov å tvinge vener til å bli med på show. Velkomen!
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Myrkdalsvegen 7, 5713 Vossestrand, Norge, Myrkdalsvegen 7, 5713 Vossestrand, Norge, Voss, Norway

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Voss

Hardangervidda pr\u00f8ven
Fri, 05 Sep at 08:00 am Hardangervidda prøven

Halne Fjellstugu

100 p\u00e5 Nuten!
Sat, 06 Sep at 10:00 am 100 på Nuten!

Tørvikbygd

Frivilligdagen 2025
Sat, 06 Sep at 11:00 am Frivilligdagen 2025

Voss Sentrum

Tobias Sten - 18+ UTSELD
Sat, 06 Sep at 09:00 pm Tobias Sten - 18+ UTSELD

Ungdomshallen Voss Ul

TILIBO - Woo La Ba
Sun, 07 Sep at 06:00 pm TILIBO - Woo La Ba

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese, Norway

Soria Moria. Utvandringa fr\u00e5 Voss til USA
Tue, 09 Sep at 07:00 pm Soria Moria. Utvandringa frå Voss til USA

Kulturhuset, Evangervegen 6, 5704 Vossavangen, Norway

Markedsdag Hjeltnes
Thu, 11 Sep at 10:00 am Markedsdag Hjeltnes

Hardanger produksjonsskule

Voss is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Voss Events