Advertisement
Harm & Hegseth – 10 år med podd, p(an)ikk og psykiatri!Harm & Hegseth feirar 10 år som offentlege kjerringar i konstant livskrise. No legg dei ut på sin største Norges-turné nokonsinne!
I 2026 fyller landets mest høglytte og lavkulturelle podcast 10 år, og det skal feirast med ein nasjonal turné av uanstendige proporsjonar.
«Ti år med kjendisbitching, homosladder, horeri, hudpleie, realityhelvete, runkekoppar, Ray-Bans på avveie og ufrivillig vaksenliv har ført oss hit: eit sceneshow som oppsummerar alt vi elskar og fryktar», uttalar den ikoniske duoen.
«Og nei, vi har framleis ikkje barn. Men vi har framleis kvarandre. Og mikrofonane våre. Og FantaExotic», legg dei til.
Så om du er podfan, passiv-aggressiv tante, latent homofil, eller berre elskar show med for mykje lys, lyd og laber impulskontroll er dette showet for deg!
Dette er jubileet du ikkje visste at du trengte – men som du kjem til å le deg svett av.
---
Presentert av Stageway og All Things Live Norway.
---
Billettsalet startar 24. september
Varigheit: om lag 90 minutt
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: [email protected]
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norway, Mobergsbakken 20, 5200 Osøyro, Norge, Bergen, Norway
Tickets