Advertisement
Søndag 5 oktober inviterar me heile familien til å vera med å sanka Gamalnorsk sau/Villsau på Tangane :) NB! Oppmøte kl 10.00 på snuplassen ovanfor senteret! ( Ikkje kl 11, slek me pleier.)
Pga. barnedåp på Lygra lyt me juksa litt denne søndagen ;)
Me kortar ned på sjølve sanketuren, men alle som stiller får vera med å føra saueflokken inn i sanketrakta og vidare inn i sankebingen.
Når alle sauer og lam er i mål, feirar me med sveler, saft & kaffi :)
Barn & vaksne som ønskjer, kan få delta i avlsarbeidet etterpå.
Lamma som vart fødd i vår har vorte store. Nokre skal leva vidare i villsauflokken, medan andre skal sendast til slakteriet for å bli mat. Saman med dei reiser nokre gamle sauer, og ev. sauer med helseutfordringar.
Avlsdyr og påsett vert vurdert opp mot rasestandard for Gamalnorsk sau.
Det er viktig at sauene som lever ute heile året har go ull, goe bein & sterke tenner m.m.
Velkommen til Lygra :)
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Lyngheisenteret, Lurevegen 1575,Lindås, Bergen, Norway