Advertisement
Vaksne er nokre gonger som gudar. Med superkreftar.Dei beskyttar deg. Dei er dei snillaste i verda.
Dei held nøkkelen til framtida di.
Nokre gonger er dei farlege. Det veit du.
Men dei veit ikkje om superkrafta di.
At du kan sjå rett igjennom dei.
Gudenes voktere er eit teaterstykke om det som forenar barn over hele verda: å leve i ei verd styrt av vaksne. Stykket er skrive av den svenske dramatikaren Erik Uddenberg, og teksten er basert på intervju med barn og vaksne frå 11 forskjellige land på fem kontinent. I løpet av 2025 vil stykket bli framført i alle dei 11 landa på språket deira.
Stykket er ein del av The Childhood Project – eit stort internasjonalt samarbeid mellom alle dei deltakande teatera, frå Bangladesh til Finland. Prosjektet har som mål å fremje kultur for barn og unge over heile verda.
Verdspremieren finn stad i Diyarbakır, Tyrkia, den 30. mai, deretter kjem den norske premieren under Heddadagane i Oslo, den 10. juni.
PASSAR FRÅ 9 år.
Med Marianne Hetland og Sindre Strand Offerdal Manus/dramaturg Erik Uddenberg Regissør Gustav Deinoff Scenograf og kostymedesignar Deniz Göl Komponist og lyddesignar Tayza Naing Koreograf Diana Meriline Norsk omsetjing Hilda Levin
Samarbeidsteater
Alley Theatre, Houston – USA
Mordem Arts Centre, Diyarbakır – Tyrkia
Theatre Direct, Toronto – Canada
La Covacha Teatro, Mexico City – Mexico
Theater Festival/Assitej, Warszawa – Polen
Unge Viken Teater, Lillestrøm – Norge
Svenska Teatern, Helsingfors – Finland
Drama for Life, Johannesburg – Sør-Afrika
Prachyanat Theatre, Dhaka – Bangladesh
Complejo Teatral de Buenos Aires – Argentina
Unga Klara, Stockholm – Sverige
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Kristian IV’s gt.8, 0164 Oslo, Norway, Kristian IV's gate 8, 0164 Oslo, Norge,Oslo, Norway
Tickets