Advertisement
Gudbrandsdalsfavorittane DÅM og dei unge stortalenta i G-kraft samlar heile dalføret til folkefest på kulturgarden Arnemoen på Ringebu!Dei elleve unge musikarane i G-KRAFT har saman med låtskriver i Staut, Ørnulf Dyve, gjennom vinter og vår finslipt eigne låtar som dei gler seg til å framføre på årets Gudbrandsfest.
I eigne konstellasjonar, kvar for seg og saman spelar dei både eige materiale samt coverlåtar som spenner fra alt i frå folkrock til sarte poplåtar, med ein sving innom klassisk.
DÅM har gjennom fleire år utvikla et eige og originalt uttrykk med røt i hip-hop, men med forgreningar ut i det ymse. Dei har spelt på store festivaler og i små grendehus, i bryllup og i bursdagar, i bygd og i by, på grasrot og på asfalt. På Rondaståk har DÅM vorte eit sjølsagt høgdepunkt kvart år. Endeleg kjem dei til Gudbrandsdal Musikkfest og Gudbrandsfest!
Med sitt definert positive lydbilde, og humoristiske og kvardagsfilosofiske tekster på klingande dovremål har DÅM bygd ei skare skare livs- og musikkfestglade tilhengjarar. Bli ein av dei!
Foto: Bård Gundersen/Rondaståk
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Arnemoen Gard, Randstedgeilen 3, 2630 Ringebu, Norge, Lillehammer, Norway
Tickets