Advertisement
Med røter i nordisk folkemusikk speler Groupa musikk som utstrålar både ein nær kontakt med tradisjonen og ei sterk vilje til å bevege seg fremover. I Groupa sitt prosjekt "Kind of Folk" møter tradisjonell musikk av ulikt opphav gruppa si innovative tilnærming. So langt har Groupa gjeve ut fem album i Kind of Folk-serien, musikk med røter i Sverige, Noreg, Island og Den iberiske halvøy.I den femte delen av Kind of Folk-prosjektet samarbeider Groupa med den fremragande songeren og fiolinisten Marta Matuszna frå Lalik i Polen. Marta Matuszna har lenge vore ein drivkraft i bevaring og utvikling av dei rike musikalske tradisjonane i Beskid Żywiec-regionen. Med fleire års erfaring frå Golec Brothers Foundation har ho undervist i både fiolin og tradisjonell song, djypt inspirert av folkemusikken i regionen.
Groupa er ei av Nordens mest legendariske folkmusikgrupper og har sidan 1981 vore banbrytande innanfor progressiv nordisk folkmusikk. Med virtuositet og djup tradisjonell forankring har dei inspirerat generasjonar av musikarar.
Mats Edén: bratsj, hardingfele, viola d'amore, nøkkelharpe og melodeon
Jonas Simonson: fløyter, og bassklarinett
Terje Isungset: trommer, perkusjon og munnharpe
Marta Matuszna: fele og vokal
Konsertsal: Osasalen
Billettar: 250,-/150,- i sal på TicketCo og i døra.
Konserten inngår i sesongkortet for Osascena våren 2026
Dører: 18.30
Baren i Spelemannstova er open frå kl. 18.00
Støtta av Kulturdirektoratet
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ole Bull Akademiet, Strengjarhaugen 6, 5704 Voss, Norge, Voss, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.






