Advertisement
🎉 Konsert med Groove Gerilja under Alperittet 2026 🎉Det er ei stor glede å invitere til konsert med Groove Gerilja i Frendeteltet på Strandafjellet under Alperittet 2026! 🔥
Groove Gerilja er eit energisk partycoverband som leverer hits frå dei aller fleste musikksjangrar og tiår. Den viktigaste regelen når bandet står på scena, er enkel: publikum skal ha det gøy!
Her skal det hoppast, dansast og syngjast med frå start til slutt 💃🕺
Bandet plukkar kjende låtar frå alt frå reggae, pop og R&B til rock, og tolkar dei på sin heilt særeigne måte. Med rytmeseksjonen som pulsåre blir det alltid leikent, tight og full energi på scena. Det kan vere låta du elska som liten, låta du nesten hadde gløymt – eller låta du høyrde i taxien på veg til konserten 🎶
Gjer deg klar for ein kveld i teltet fylt med feststemning, glede, energi, allsang og dansefotkrampe!
🎟 NB! Billettar i sal via tikkio.com frå 10. januar kl. 12.00
Følg med – dette blir fullt trøkk!
Aldersgrense: 18 år
👉 Velkomen til Stranda og Frendeteltet ved Strandafjellet skisenter – vi sjåast! 🎊
Det blir sett opp gratis shuttlebuss mellom Strandafjellet og sentrum. Følg med på Alperittet si Facebookside, eller på www.alperittet.com.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Strandafjellet, Hevsdalsvegen 520, 6200 Stranda, Norge, Aalesund, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





