Advertisement
																								 
											
                  	
                    Dit vil eg fara! er ein nyskriven tekst av Leif Arild Sanden og Tor Arne Ursin med sangar av Kjell Åsen og Sigvald Tveit. På scena møter ein eit lag med artistar frå heile Telemark med skodespelarar som Leif Arild Sanden, Anne-Sophie Erichsen og Hæge Manheim i spissen, med Nissedalskoret og eit orkester under leiing av Vidar Ytre-Arne og Knut Buen som til slutt toppar laget. Dit vil eg fara! blir ei forestilling full av sang, musikk og både komiske og såre opptrinn fulle av fart og spenning. Det handlar om store draumar og smålege omsyn, lange reiser og korte lunter, billege triks og store kunstar i ei mangfaldig verd.
Handlinga i den første delen er lagt til ein landhandel i ei bygd i Telemark midt på 1800-talet. Her møter me den notorisk upålitelege kramkaren Gunstein, som kona Amalie har eit svare strev med å halde styr på.
Det er ei tid med oppbrot i bygda. Det er ikkje nok jord til ei veksande busetting. Frikyrkjefolket kjenner bispen og prosten sitt styre som eit åk. Det gjeng gjetord om Amerika – det nye landet langt i vest. Til butikken kjem alle med sine ærend. Det er ho som vil sende brev til sonen i Amerika, ho som ventar på kjærasten derifrå og endeleg han som er komen heim. Men kvifor? Og kva veit han om det som hender «over there»? Skal alle reise? Kva ventar dei der?
I andre delen er Gunstein og Amalie komne til Minnesota og hev fått seg ein butikk der. Det har gått bra for mange utvandrarar, men alt er allikevel ikkje berre lukke og velstand her heller! Det er fullt av krangling og konfliktar i det nye landet òg! Saknet etter gamlelandet og skyldfolket er stort. Korleis skal dei greie å halde på den gamle kulturen? Eller skal dei no det? Men me kan røpe at det endar godt til slutt, på ein storslegjen fest med slåttepel og dans!
Manus: Tor Arne Ursin og Leif Arild Sanden
Regi: Tor Arne Ursin
Sceneografi: Kjersti Posti Høgli og Lars Løberg Andersen
Kostymer: Kjersti Posti Høgli og Guro Dale
Musikalsk leiar: Vidar Ytre-Arne
På scena: Leif Arild Sanden, Anne-Sophie Erichsen, Hæge Manheim, Lucy Bergan Odberg, Mathias Hansen, Nora Linnea Nilsen, Trym Winjevoll, Joakim Dan Jørgensen, Øyvind Tveit og Knut Buen
Nissedalskoret under leiing av Marit Lien Homme . Solist: Bjørn Dagfinn Tveit
Orkester:
Vidar Ytre-Arne – fiolin og kapellmester, Olav Svalastog – piano, Nils Henrik Mostraum – bass, Ingri Elise Engeland – fløyte, Asgeir Søfteland – horn.
Songar av Kjell Åsen og Sigvald Tveit . Orkesterarrangement : Vidar Ytre-Arne. Amerikavals av Knut Buen
Lysdesign, video, m.m.: Lars Løberg Andersen
Lydmeister: Erlend Stein
Teatermålar: Marie Hafnor
Fotograf: Hans Petter Eliassen
PR: Marija Bliznac
Produsent: Mathias Hansen
Teknikarar: Andrew Keeping og Joakim Dan Jørgensen
Grenland Friteater i samarbeid med Nissedalskoret og Sanden kulturupplivingar.
Tusen takk for støtte fra :
Nissedal kommune, Telemark fylkeskommune, Sparebanken Norge, Sparebankstiftelsen DnB, Fritt Ord
                  			Advertisement
																								 
											
                  	
                    Event Venue & Nearby Stays
Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark, Norway, Gullbringvegen 34, 3800 Bø i Telemark, Norge, Notodden, Norway
								    Tickets
								
							
									Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place. 
								
							





