Advertisement
Gorrlaus fredag 21.04.23Stad: Tou loftet
Dørene opnar: kl. 18.30
Konsert startar: kl. 19.00
Silje Risdal Liahagen - kveding
Ellie Mäkelä - hardingfele
Egil Kalman - synth
Silje Risdal Liahagen er ein songar, dansar og skodespelar busatt i Oslo. Liahagen kjem i frå Hallingdal, i likskap med mesteparten av kvedarrepertoaret hennar. Ho har, i lag med vokalgruppa Kvedarkvintetten, vekse opp i miljøet rundt Hugnadheim på Torpo med Gunnlaug Lien Myhr som tradisjonskjelde og læremeister.
Ellie Mäkelä er ein ung multiinstrumentalist med bratsj som hovudinstrument. Hen har nett gjort seg ferdig på jazzlinja i Trondheim og studerar no jazzkomposisjon på NMH i Oslo. Hen begynte med klassisk fiolin men fekk tidleg augo opp for jazzen og etterkvart andre musikksjangrar og instrument som saksofon, piano og el.gitar. Dei seinare åra har hen og tatt opp hardingfela og begynt å interessere seg for den norske tradisjonsmusikken. Mäkelä har tatt utgangspunkt i arkiv opptak og har fått med seg mange detaljar frå dei gamle meistrane.
Egil Kalman tolkar tradisjonelle skandinaviske melodiar på modulær synthesizer.
Musikken hans trekker paralleller mellom folkemusikk og moderne elektroakustisk musikk via minimalistiske komposisjonsteknikker og improvisasjon. Ved bruk av reinstemming, suggererande former, syntetisert lyd som etterliknar det akustiske og omvendt, utforskar han element frå tradisjonell skandinavisk folkemusikk og prøvar å sette det i eit nytt lys.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Tou, Kvitsøygt 25, Stavanger, Norway
Tickets