Advertisement
Arrangementet er opent og gratis for alle (NB - påmelding naudsynt - følg lenkja)Stad: Solheim Vestre Friluftsgård
Adresse: Sæbøvegen 285, Radøy
Tid: 23. mars klokka 17-20
Mat inkludert
---------------
Velkomen til KRAFT-arrangement i regi av Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Radøy Bonde- og Småbrukarlag!
KRAFT handlar om praktisk kompetansedeling mellom bønder. Vi vitjar ulike gardsbruk og bedrifter som finn nye vegar til lønsemd i landbruket.
Er draumen om eit småbruk oppnåeleg?
På Vestre Solheim driv Frederike og Yrjan eit moderne, gammaldags småbruk og mangesysleri.
Då dei kjøpte garden for få år sidan, var det ingen av dei som visste kva dei gjekk til. Men på kort tid har dei bygd opp drifta til eit nivå som gjer at dei begge no livnærer seg av garden.
I dag har dei 6 mjølkekyr og eit lite meieri, 30 vinterfora spælsau, småskala utegrisproduksjon med ei avlspurke, 330 beitehøns og litt grøntproduksjon i drivhus og på friland.
All produksjonen er økologisk, og alle varer sel dei direkte til kundar via REKO og andre kanalar.
Mykje arbeid? Krevjande logistikk? Mykje å setja seg inn i? Absolutt. Men også utruleg spanande og givande.
Vil du vita kva som ligg bak?
Velkomen til ein kveld med omvising på ein svært spanande gard, kor du får førstehands innsikt i drifta, økonomien, alle feil, suksessar og erfaringer som er gjort så langt, og ikkje minst planane for veien vidare.
Kle deg etter vêret.
Det vert servert mat og kaffi.
God høve til å stilla spørsmål.
Velkomen!
Arrangementet er støtta av Vestland fylkeskommune.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Solheim Vestre Friluftsgård, Sæbøvegen 285, 5938 Sæbøvågen, Norge, Bergen, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







