Advertisement
Velkommen til førjulskveld på Sletta!Torsdag 5.desember er det julestemning over alt på Vestnorsk Utvandringssenter. Det blir julestemning i kafeen, allsongkonsert i Emigrantkyrkja og tradisjonsrik julepynt i husa på prærien. Konserten startar kl 18.
Kafe Emigranten er open mellom 11-14 og 17-20. Her blir enkelt juleverkstad der barn og vaksne kan lage julepynt eller julekort, ein kan finne fine julegåver i museumsbutikken eller berre møte folk for ein prat og ein kopp kaffi. Vi lager julestemning og legger til rette for ei fin stund i førjulstida.
Saman med Alver kulturskule inviterer vi til allsongkonsert i Emigrantkyrkja kl 18.00. Elevane speler og syng kjende og kjære julesongar, og barn og vaksne inviterast med i allsong og den gode julekjensla.
I husa på prærien pyntar vi med tradisjonell julepynt i vindauga i heile desember. Vi anbefaler ein stemningsfull kveldstur ned til Prærielandsbyen for frisk luft og koseleg gjensyn med gamle julenissar og julepynt.
Ta med venner og familie til Sletta torsdag 5.desember og del og skap juleminner!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Vestnorsk Utvandringssenter, Hellandsvegen 541, 5939 Alver, Norge,Manger, Norway, Bergen