Advertisement
Føredrag basert på boka "Utvandrerne" av Svein Indrelid. I boka følger vi ei gruppe menneske frå Flåm, Aurland og Lærdal som våren 1844 drog til Bergen - der steig dei ombord på skipet Juno for å krysse havet til Amerika.Forteljinga er basert på eit stort kjeldemateriale, og tek lesaren tett på fortidas draumar og verkelegheit - og på korleis det er å bygge livet på nytt i eit ukjent land. Opplevingane til desse utvandrarane er langt på veg dei same som dei fleste norske emigrantar hadde i pionertida i 1840-åra, og boka gjengir eit viktig stykke norsk emigrasjonshistorie.
Forfattaren Svein Indrelid er professor emeritus i arkeologi frå Universitetet i Bergen. Han har gitt ut ei rekkje artiklar og bøker om kulturhistorie og arkeologi.
Arrangementet er gratis og det er inga påmelding.
Støtta av Vestland fylkeskommune
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norge, Øyraplassen 14, 6887 Lærdalsøyri, Norge, Voss, Norway