Advertisement
Sprang, Silje Risdal Liahagen og Lars Fivelstad Smaaberg inviterar til forum med fokus på fylgjarrolla i hallingspringaren. Dei som har sett på arkivfilmar av pardans kan kanskje kjenne seg att i ein variant av setningen “me må hugse å sjå på kva damene gjer”. Alle nikkar, er einige, og så ser me på film att. “Han går på treern, eller var det einern? Han satsar i alle fall litt før den eine gongen. Han har kul svikt og god driv i turane.” Det same skjer gong på gong. Kvifor er det så lett å gløyme dei kvinnelege dansarane?
I arbeidet med å studere slike filmar er me ofte ute etter å plukke ei form, ei rekkjefølge av tak. Då er det naturleg at fokuset hamnar hjå karane i desse dokumentasjonsfilmane. Dei dansar det som tradisjonelt har vore mannens utgangspunkt, det som også vert kalla den førande rolla. Men kva går me glipp av med denne vinklinga? Ein pardans er satt saman av to partar med ulike oppgåver, og dei fleste er einige i at dei beste dansane oppstår når samspelet mellom desse, og musikar, er godt. Slik sett bør me også vere opne for kva begge partar i desse gamle opptaka har å bidra med. Og kanskje må me kikke ein, eller to og tre gonger til, for å tydeleggjere hennar bidrag til dansen og samspelet dei i mellom.
Også i undervisning vert det fort til at ein lærer bort ein pardans frå “førarens” perspektiv. Dette er enklaste veg til målet. Men klarar ein å gjere dette utan å plassere ulik verdi hjå dei to partane ovanfor dei ein underviser? Me ynskjer å finne fram til gode, nøytrale begrep ein kan nytte i samtale om og formidling av pardansane våre.
Førebels har me fleire spørsmål enn svar, og håpar du vil bli med oss i undring, undersøking, utprøving og samtale rundt samdans og begrep i pardansen.
Laurdag kveld inviterar me også inn til SideSprang: Folkemusikk-klubb med brørne Fauske Jøtun! https://www.facebook.com/events/654773063750145
Om utøvarane:
Silje Risdal Liahagen er songar, dansar og skodespelar. Lars Fivelstad Smaaberg er songar, dansar, spelemann og arkivar. Begge trødde sine fyrste dansesteg på Hugnadheim, og har sidan den gong delt dansar, reiser, undervisningsjobbar, og ikkje minst samtaler om dans.
Dei deler ei særleg interesse for samspelet i danseparet og mellom musikaren og dansarane. Tre likeverdige partar trengs for å skape ein god dans. Dette er ein viktig faktor i undervisninga deira, og når dei dansar sjølve.
Me håpar at det er mange som vil bli med oss på nerding og drøftingar, med utgangspunkt i arkivopptak frå Hallingdal og ikkje minst eigne erfaringar.
Tid og stad: Sprang, Ål kulturhus, laurdag 5. april kl 12:00-17:30 og sundag 6. april kl 11:00-15:00
Pris: gratis!
Spørsmål og påmelding til leiar for Sprang, Rannveig Øygardslia: rannveig.oygardslia(a)aal.kommune.no / 97 55 64 57
Reise: Det er lett å koma seg til Ål med tog eller buss, me oppmodar elles til samkøyring, og kan vera behjelpelege med å organisere dette.
Opphald: Me kan ordne rimeleg overnatting for tilreisande, meld inn evt. overnattingsbehov ved påmelding!
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Ål kulturhus, Sundrejordet 8A, 3570 Ål, Norge,Ål, Hønefoss, Norway