Foredrag: Horg i landskap, stadnamn og førkristen kult

Thu, 02 Oct, 2025 at 06:00 pm UTC+02:00

Birkelyveien 9, 3184 Horten, Norway | Horten

Midgard vikingsenter
Publisher/HostMidgard vikingsenter
Foredrag: Horg i landskap, stadnamn og f\u00f8rkristen kult
Advertisement
Foredrag: Horg i landskap, stadnamn og førkristen kult
Eldar Heide gav nyleg ut den vitskaplege boka Pre-Christian hǫrgr: passages through barriers på Universitetsforlaget. Boka undersøker kva ein horg var – ein type førkristen germansk kultstad – med utgangspunkt i stadnamn.
I over 100 år har det rådande synet vore at horg tyder ‘røys’, ‘knaus’ eller ‘fjell’, og at slike stader utvikla seg frå offerplassar til kultbygningar. Arkeologisk praksis har ofte peika på røysar som horgar. Heide viser at dette synet har svakt kjeldegrunnlag. Norrøne og gammalsvenske ordbøker definerer horg som ‘steinrøys, varde’, men tekstane frå Norden, Tyskland og England støttar ikkje dette. Etymologien har enda i sirkelresonnement.
I staden undersøker Heide landskapet rundt gamle horg-namn. Dei fleste ligg ved naturlege passasjar gjennom barrierar – som fjell, skog, skjergard, morene (t.d. Horgen ved Mjøndalen og ved Fredrikstad). Nokre få stader har menneskeskapte strukturar som etterliknar slike landskapsformer, som steinringar (t.d. Horgen ved Tønsberg), og kan representere ein overgang til horg som bygning. Heide dreg fram parallellar til at slike passasjar har fått ei kultisk side. Til dømes ligg mange offerstader ved slike punkt i samisk tradisjon.
Eldar Heide er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Han er doktor i norrøn filologi (2006), har mellomfag og tre feltsesongar som arkeolog og har publisert breitt innanfor nordisk språk og kulturhistorie. Sidan 2022 har han drive podkasten Tru og meining i gammal tid, https://pod.link/1635409693.
Foredraget starter kl 1800 og arrangeres i samarbeid med Midgard Vikingsenters Venneforening.
Inngang til foredraget er inkludert i ordinær museumsbillett.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Birkelyveien 9, 3184 Horten, Norway, Birkelyveien 9, 3184 Horten, Norge, Horten, Norway

Sharing is Caring:

More Events in Horten

The Boogietraps og Hard Luck Street p\u00e5 B\u00f8rsen
Fri, 03 Oct at 09:00 pm The Boogietraps og Hard Luck Street på Børsen

Storgata 23, Horten, Horten

Riksteatret: Ord for blod \/\/ Bakkenteigen kulturhus
Mon, 06 Oct at 07:00 pm Riksteatret: Ord for blod // Bakkenteigen kulturhus

Raveien 215, 3184 Borre, Norway, 3184 Horten, Norway

Lysvandring i Borreparken
Thu, 09 Oct at 06:00 pm Lysvandring i Borreparken

Birkelyveien 9, 3184 Horten, Norway

Thank You for the Musicals
Sat, 11 Oct at 08:00 pm Thank You for the Musicals

Biorama

Horten Tech Talks 2025
Tue, 14 Oct at 09:00 am Horten Tech Talks 2025

RS Noatun

Horten Tech Expo 2025
Thu, 16 Oct at 09:00 am Horten Tech Expo 2025

Raveien 215, 3184 Horten, Norway

Horten is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Horten Events