Advertisement
Ålesund Folk Festival opnar konsertserien "Folk i Aalesund" 2026 med «Konsert og dans til Per Bolstad-slåttar» – ein kveld som løftar fram musikken gjennom både forteljing og levande spel. På scena står Håvard Svendsrud, landskjend trekkspelar og drivkrafta bak plateselskapet Aksent. Det blir plateslepp av ny Bolstad-plate frå aksent denne kvelden !Saman med Håvard står Arne M. Sølvberg – ein av våre mest meritterte formidlarar av tradisjonsmusikk. Dei tek publikum med inn i eit rikt musikalsk univers og gir slåttene nytt liv, med tydeleg forankring i tradisjonen og eit uttrykk som verkeleg svingar. Svendsrud og Sølvberg blir også med vidare og spelar til dansen etterpå.
Etter konserten blir det dans, med fleire sterke innslag som held golvet i gang utover kvelden. Fjelljom Spelemannslag med Arne Sølvberg i spissen startar dansen, så blir det bygdedans frå Møre og Romsdal med toraderspelar Marius Berglund – eit levande og rytmisk spel med trøkk i kvar tone og danseglede i kvar takt. Gruppa TA avsluttar ballet med runddansmusikk frå Sunnmøre og Romsdal. Dei består av Britt Elise Skram på fele, Odd Kåre Olafsen og Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel, Bernt Hansen på bass og Trond Salthammer på gitar.
Dørene opnar: 17:00
Konsertstart: 18:00
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Molovegen 20, 6004 Ålesund, Norge, Molovegen 20, 6004 Ålesund, Norge, Ålesund, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











