Advertisement
Velkommen til “Satoshi-samtale” på Litteraturhuset i Oslo.27. aug. 2025 kl 18:00→ 20:00
Gratis, ingen påmelding.
Dette kan du vente deg:
Kva meiner Kjartan Fløgstad om bitcoin? Inneber bitcoin ei ny form for samfunnskritikk? Vi får sjå …
Kjartan Fløgstad har skrive side opp og side ned om gruvedrift – på Svalbard, i Latin-Amerika og så bortetter. Bitcoin representerer ein “hypermoderne” type gruvedrift: Mynting av nye bitcoin skjer som eit resultat av “mining” og “proof of work”. Men medan klassiske gruvearbeidarar i mange land var leiande i arbeidet for retten til å organisera seg og stod i spissen for ei rekkje sosiale reformer, er den samfunnsmessige rolla til bitcoin i skrivande stund noko meir … uklår.
Fløgstad og Heming H. Gujord – professor ved Universitetet i Bergen og forfattar av FLØGSTAD VERK. Skriftprosessar. Produksjonslinjer. (Samlaget, 2018) – møtest for å diskutera gruvedrift og samfunnsendringar før og no. Ordstyrar: Morten Søberg, generalsekretær i Bitcoinpolitisk institutt Noreg.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Litteraturhuset, Wergelandsveien 29,Oslo, Norway