Festopning | Opening concert

Thu Feb 19 2026 at 06:00 pm to 07:30 pm UTC+01:00

Aurdal kirke | Lillehammer

Hemsing Festival
Publisher/HostHemsing Festival
Festopning | Opening concert
Advertisement
Me ynskjer velkomen til Hemsingfestivalen med ein festkveld av fantastiske musikarar i tett samspel.
Program
Felix Mendelssohn: Sonate nr. 2 i c-moll, op. 65
Ingeborg Christophersen (orgel)
«Se solens skjønne lys og prakt», trad. salmetone frå Vang i Valdres
Johan Sebastian Bach: Sonate i c-moll for fiolin og obligat cembalo, 1. sats «Largo»
Ragnhild Hemsing (fiolin, hardingfele), Ingeborg Christophersen (orgel)
Franz Liszt: Études d'exécution transcendante nr. 8
Tor Espen Aspaas (klaver)
Maurice Ravel: «Ondine» (frå Gaspard de la nuit)
Julien Quentin (klaver)
Franz Schubert: Klaverkvintett i A-dur, D. 667 («Die Forelle»)
Eldbjørg Hemsing (fiolin), Lilli Maijala (bratsj), Raphaela Gromes (cello), Olivier Thiery (bass), Julien Quentin (klaver)

Det er med «kongen over alle instrument», orgelet, at vi ønskjer velkomen til Hemsingfestivalen 2026.
Orgelet i Aurdal kirke er nyrestaurert og reparert, noko som er heilt vesentleg for å kunne framføre stykket som opnar konserten. Felix Mendelssohns orgelsonate nr. 2 fordrar godt fungerande mekanikk og pedalar. I tida frå stykket var ferdig, i 1829, til det vart utgitt i 1845, var det også vanleg at fleire kyrkjer i England la til pedalar på dei eksisterande orgla, for at Mendelssohn og andre organistar skulle kunne spele orgelverk med pedal. Mendelssohn var ei stor stjerne som organist. Han reiste rundt med sin eigen og Johan Sebastian Bachs musikk og vart vidgjeten. Ei samtidig kjelde skriv at «hans framføring av Bachs musikk er transcendent storslått. Improvisasjonsspelet hans er svært variert – dei mjuke rørslene fulle av ømheit og uttrykk, utsøkt vakre og lidenskapelege. I dei høglydte preludia hans finst det eit uendeleg utval av nye idear og pedalpassasjar så nye og uavhengige at dei tek publikum ganske på senga». Gjennom fire satsar viser Ingeborg Christophersen kva orgelet kan by på, før stykket endar i ein storslått C-durakkord.
Den vakre salmen «Se solens skjønne lys og prakt» tek av på hardingfele der Mendelssohn slutta, ein salme Ragnhild Hemsing spelar på sitt særeigne vis med mengder av krullar og andre forsiringar. Ofte er det eit skjult samband mellom verdsleg og geistleg musikk. Johann Sebastian Bachs arie «Erbarme dich» frå Matteuspasjonen er verdskjend og ein av dei aller mest sjelfulle ariane i kyrkjemusikken. Men likskapane mellom denne arien og førstesatsen frå sonate for fiolin og cembalo, BWV 1017, er så store at vi kan nesten seie at arien byggjer vidare på komposisjonen for fiolin og cembalo. Begge er ein dansesats av typen siciliano, og melodien er ganske lik. Det er fascinerande å følgje all gjenbruken av melodiar og stykke i J.S. Bachs musikk. I dette tilfellet er begge sjelfulle meisterverk der melodien fort festar seg i øyret. Pass på at du blir kvitt han før du går til sengs etter konserten!
Det er som vanleg store kontrastar under Hemsingfestivalen. Frå det religiøse og innovervende tek Tor Espen Aspaas oss med til det storslåtte og ultravirtuose. Han har valt ut eit vilt og veldig stykke av Liszt. Hans «Transcendentale etydar» vart publisert i 1852, men går tilbake til 1826 då den 15-årige Liszt skreiv noko han kalla «studiar i 12 øvingar». Etyde nr. 8 er som dei andre i samlinga tileigna Liszts lærar, Carl Czerny, og har undertittelen «Wilde Jagd» – vill jakt. Stykket er både ustyrleg, vilt og veldig virtuost. Her skulle den 15-årige pianisten vise kva han kunne.
Den franske pianisten Julien Quentin har gjort stor suksess verda over i Paris, i New York, i Qatar og i Polen. Når han no spelar i Aurdal kirke, har han med seg eit av dei viktigaste klaververka av Ravel, som hadde store ambisjonar som komponist då han i 1908 gav ut ei ny samling klaverstykke. Samlinga var både meir avansert og teknisk krevjande enn det meste verda hadde høyrt fram til då. «Min ambisjon er å seie med tonar det ein poet seier med ord», skriv Ravel. Få stykke viser dette til sitt fulle som hans stykke «Ondine», det første av tre stykke som utgjer samlinga «Gaspard de la nuit». Diktet som dannar utgangspunktet for komposisjonen, skal beskrive vassnymfa Ondine som prøver å lokke eit menneske inn i det våte universet. Her høyrer vi lyden av vatn og skimrande harmoniske effektar før det heile endar i eit dramatisk klimaks. Det er eit av Ravels absolutte høgdepunkt som komponist av klavermusikk.
Det mest berømte stykket kjem likevel til slutt i opningskonserten. Frans Schuberts kvintett i A-dur er for den litt spesielle besetninga fiolin, bratsj, cello, bass og klaver, og det finst ikkje mange komposisjonar for denne besetninga. Då passar det bra å setje saman eit kremlag av musikarar frå festivalen i år. Sommaren 1819 var Schubert på ferie og hadde fått ei bestilling på et nytt verk. Ein av dei mest populære songane eller lieder skulle også få ein eigen variasjonssats som del av bestillinga. Schubert løyste oppgåva til fulle, og i fjerde satsen finn du nettopp variasjonar over songen «Die Forelle» («Auren»), som har gitt komposisjonen namn. Songen byggjer på eit dikt om auren som sprett i vatnet, og som til slutt blir fanga. Dette var eigentleg meint som ei moralsk åtvaring til unge jenter om ikkje å la seg forføre av fiskaren med utstyret hans (!), men denne åtvaringa hadde Schubert teke bort i sin versjon av diktet.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Aurdal kirke, Aurdal, Lillehammer, Norway

Tickets
Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Lillehammer

Agenda Innlandet-konferansen 2026
Thu, 19 Feb at 09:00 am Agenda Innlandet-konferansen 2026

Maihaugsalen

Rakfisk Forte Fortissimo
Thu, 19 Feb at 01:00 pm Rakfisk Forte Fortissimo

Noraker Gård Oslovegen 749, 2910 Aurdal

Familiefestivalen Vinter 2026
Thu, 19 Feb at 03:00 pm Familiefestivalen Vinter 2026

Nøsen Yoga og Fjellhotell

 Morgonstemning | Morning Mood
Fri, 20 Feb at 09:00 am Morgonstemning | Morning Mood

Nythun

Smak med tonar | Gourmet musical dinner
Fri, 20 Feb at 06:00 pm Smak med tonar | Gourmet musical dinner

Nythun

Riksteatret: L\u00e6reren \/\/ Maihaugsalen
Fri, 20 Feb at 07:00 pm Riksteatret: Læreren // Maihaugsalen

Maihaugvegen 1, 2609 Lillehammer, Norway

Kurs m\/Erik Aleksander Andersen
Sat, 21 Feb at 09:00 am Kurs m/Erik Aleksander Andersen

Hunde H'ysteriet

Vinterfestivalen  (nye Svastom da'n)
Sat, 21 Feb at 10:00 am Vinterfestivalen (nye Svastom da'n)

Gardan 38 A, 2657 svatsum

Lillehammer is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Lillehammer Events