Festivalopning og konsert med BJØRN TOMREN OG ÅSE BRITT REME JAKOBSEN

Fri Aug 22 2025 at 07:30 pm to 09:30 pm UTC+02:00

Vågøyvegen 106, 6408 Aureosen, Norge | Molde

Klangfestivalen V\u00e5g\u00f8y
Publisher/HostKlangfestivalen Vågøy
Festivalopning og konsert med BJ\u00d8RN TOMREN OG \u00c5SE BRITT REME JAKOBSEN
Advertisement
Festivalopning ved Knut Anders Vestad, duoen Tuva Halse (fiolin) og Tobias Eikrem Råmkes (klaver) frå prosjektet Circle of Art og elevar frå Hustadvika kulturskole.
På konserten får vi høyre den folkekjære Stjernekampvinnaren Bjørn Tomren frå Tomrefjord som saman med Åse Britt Reme Jakobsen skal gje oss halvannan time med musikk frå deira rike repertoar.
Hausten 2021 imponerte Bjørn Tomren heile Noreg i NRK-serien «Stjernekamp». Med eit unikt uttrykk og ei sterk formidlingsevne vart han raskt allemannseige og omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». Suksessen vart følgd opp med ein landsdekkande turné og tre utselde konsertar i Oslo Konserthus.
Tomren, artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden, er òg kjend frå jodle- og trekkspelduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for a-ha og blitt dokumentarfilmstjerner i «Kunsten å jodle». Han har gitt ut to kritikarroste album: «Bad Science Fiction» (2019) og «The Astronomer’s Dream» (2023).
Som ein av dei mest allsidige musikarane i landet, spenner Tomrens musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialektpunk og psykedelisk protestmusikk.
Med seg på scena har Tomren sambuaren sin, Åse Britt Reme Jakobsen. Jakobsen er musikar, songar og låtskrivar. Dei siste åra har ho vore aktiv som utøvar, og har på kort tid gjort seg bemerka som ei sterk stemme innanfor country, blues, jazz og norsk folkemusikk. Ho har vore medlem i og medverka i fleire band, og har ei sentral vokalrolle på Bjørn Tomrens debutalbum Bad Science Fiction (2019).
Velkommen til Klangfestivalopning og konsert med denne unike duoen!
Foto Thor Brødreskift
SPONSORAR:
Hustadvika kommune
Møre og Romsdal fylkeskommune
Sparebanken Møre
Varig Forsikring
Salmon Evolution
Fræna Begravelsesbyrå Hustadvika
Classic Norway Hotels
Vågøy og Myrbostad Sokneråd
"Ung klang" er i år eit samarbeid med "Circle of Art- Fra kulturskole til kunstner» ved Molde kulturskole.
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Vågøyvegen 106, 6408 Aureosen, Norge, Vågøyvegen 106, 6408 Aureosen, Norge, Molde, Norway

Tickets

Sharing is Caring:

More Events in Molde

Kurs i Working Equitation og dressur
Fri, 22 Aug at 08:00 am Kurs i Working Equitation og dressur

Storholmen, Farstad

Matlaging i fellesskap
Fri, 22 Aug at 12:00 pm Matlaging i fellesskap

Torget 8, 6413 Molde, Norway

Konsert i regi av Kyrkjehola Kulturbeite
Fri, 22 Aug at 07:00 pm Konsert i regi av Kyrkjehola Kulturbeite

Nilsgardstunet

Quiz med Skippertak-quizforening!\ud83d\udca1\ud83e\udde0
Fri, 22 Aug at 07:00 pm Quiz med Skippertak-quizforening!💡🧠

Sjøgata 12, 6390 Helland, Norway

Kort Fortalt - Pecha Kucha p\u00e5 Plassen
Fri, 22 Aug at 08:00 pm Kort Fortalt - Pecha Kucha på Plassen

Kafé Kurt

NBF spor, klasse D og C
Sat, 23 Aug at 10:00 am NBF spor, klasse D og C

Frodebanen, Eide

\ud83d\udc1f Havbruksdagen p\u00e5 Torget i Molde \ud83c\udf89
Sat, 23 Aug at 11:00 am 🐟 Havbruksdagen på Torget i Molde 🎉

Torget 8, 6413 Molde, Norway

Moldepride 2025
Sat, 23 Aug at 12:00 pm Moldepride 2025

Aker Stadion , Molde

Regnbuekaf\u00e9 i Molde domkirke
Sat, 23 Aug at 02:00 pm Regnbuekafé i Molde domkirke

Molde Domkirke

Molde is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Molde Events