Felles kontordag

Fri Jan 30 2026 at 10:00 am to 04:00 pm UTC+01:00

Riksscenen | Oslo

FolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans
Publisher/HostFolkOrg - organisasjon for folkemusikk og folkedans
Felles kontordag
Advertisement
Felles kontordag på DANS DANS DANS
Ein dag for inspirasjon, fagleg påfyll og kollegialt fellesskap!
Treng du innspel til ein ny prosjektidé, drodling kring eit prosjekt i utvikling, eller kanskje hjelp med ein konkret søknad?
Eller kjenner du rett og slett behovet for å ha ein heilt vanleg arbeidsdag – men i selskap med gode kollegaer, kaffikopp og kreative samtalar?
Då er felles kontordag på DANS DANS DANS noko for deg!
Fredag 30. januar inviterer FolkOrg til ein inspirerande dag på Riksscenen, der folkedansarar, folkemusikarar, produsentar og andre aktørar i feltet kan møtast, jobbe side om side og utveksle erfaringar, idear og fagleg støtte.
Vi gjentek suksessen frå i fjor – ein dag som mange meinte gav nytt driv i arbeidet. Gjennom dagen kan du slå deg ned med pc’en, ta ein prat over kaffikoppen eller ta ein uformell prat med nokre av ressurspersonene som er tilstades.
I løpet av dagen er det planlagt seminar med ein ekstern fagperson, meir informasjon kjem seinare.
Denne dagen kan du mellom anna møte:
- Rannveig Øygardslia – produsent, dagleg leiar for Sprang Scene og bookingfirmaet Rivjødn.
- Andreas Ljones – produsent for Riksscenen, med lang fartstid som musikar og prosjekleiar i ei rekkje ulike konstellasjonar og produksjonar.
- Ann Helen Erichsen – prosjektleiar for Folkelarm, rådgjevar for arrangørmedlemmar i FolkOrg og tidlegare festivalsjef for Farsund Folk Festival.
- Representant frå utvalet for yrkesutøvarar i FolkOrg
Her får du høve til å stille spørsmål, hente råd, teste idéar – eller berre finne ro til å jobbe i fellesskap med andre frå miljøet.
Det blir servert gratis lunsj, frukt og kaffi! Vi ber om at alle som kjem registrerer seg ved å trykke "Deltek" i eventet, slik at vi veit kor mange vi skal bestille lunsj til. Har du matallergiar/andre omsyn til mat, send e-post til Live i FolkOrg: [email protected].
Ta med deg notatboka, den halvferdige søknaden, og bli med på ein dag som gir påfyll både fagleg og sosialt.
Arrangementet er ein del av festivalprogrammet til DANS DANS DANS 2026. Les meir om programmet her: https://www.riksscenen.no/dans-dans-dans-2026.6733523-515567.html
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Riksscenen, Herslebs gate 2A, 0561 Oslo, Norge, Oslo, Norway

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Oslo

London Sinfonietta & Marius Neset \/\/ Cosmopolite
Thu, 29 Jan at 07:00 pm London Sinfonietta & Marius Neset // Cosmopolite

Cosmopolite Scene, Vogts gate 64, 0477 Oslo, Norway

Signe Marie Rustad \u2013 Do You Know Something I Don't Tour | Parkteatret
Thu, 29 Jan at 07:00 pm Signe Marie Rustad – Do You Know Something I Don't Tour | Parkteatret

Olaf Ryes plass 11, 0552 Oslo, Norway

Cryptopsy, 200 Stab Wounds, Inferi, Corpse Pile in Oslo
Thu, 29 Jan at 07:00 pm Cryptopsy, 200 Stab Wounds, Inferi, Corpse Pile in Oslo

Goldie - Klubbscene

Kullebunden Jazz 20 \u00e5r: Henning Mankells Driving Miles \u2013 Teaterforestilling
Thu, 29 Jan at 07:30 pm Kullebunden Jazz 20 år: Henning Mankells Driving Miles – Teaterforestilling

Kolben Kulturhus , 1410 Kolbotn, Norway

Smokey (AB) + Kristoffer Birkedal + Aske Skat \/\/ Vaterland
Thu, 29 Jan at 08:00 pm Smokey (AB) + Kristoffer Birkedal + Aske Skat // Vaterland

Brugata 9, 0186 Oslo, Norway

Nasjonal Studentkonferanse
Fri, 30 Jan at 03:00 pm Nasjonal Studentkonferanse

Youngstorget Oslo

\u2728 Gong Master Course 2026 with Anand Raj & Tor Arne H\u00e5vne \u2728
Fri, 30 Jan at 05:00 pm ✨ Gong Master Course 2026 with Anand Raj & Tor Arne Håvne ✨

Rosenborggata 9A, 0356 Oslo, Norway

K\u00d8BER \u2013 slippkonsert | Parkteatret | 18+ og Yngling (fri alder)
Fri, 30 Jan at 06:00 pm KØBER – slippkonsert | Parkteatret | 18+ og Yngling (fri alder)

Olaf Ryes plass 11, 0552 Oslo, Norway

TENK
Fri, 30 Jan at 06:00 pm TENK

Slemdalsveien 1, 0369 Oslo, Norge

Brist p\u00e5 livskrefter - Fremtiden som helbredende kraft
Fri, 30 Jan at 06:00 pm Brist på livskrefter - Fremtiden som helbredende kraft

Professor Dahls gate 30, 0260 Oslo, Norge

Wishbone Ash
Fri, 30 Jan at 06:00 pm Wishbone Ash

John Dee

Oslo is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Oslo Events