Advertisement
Noreg har aldri hatt så mange milliardærar som no. Samtidig er køane utanfor landets matsentralar lengre enn nokon gong. Dei økonomiske forskjellane mellom folk er aukande. Kva gjer det med samfunnet? Skeiv fordeling av rikdom og makt påverkar oss alle, uansett kor mykje pengar vi har, viser forfattar Trine Østereng i boka «Farlege forskjellar». Jo større lommebok, jo betre helse har vi. Privatøkonomien påverkar også sjansane våre til å få barn, utdanning og trygge bustadar.Aukande forskjellar fører til mindre tillit og trivsel, polarisering og uro – og demokratiet vårt tar skade. Mykje pengar genererer mykje makt og påverknad. Dette har vi sett tydlegast i USA, men også i Stortingsvalkampen i haust. Lar vi rikdommen vekse ukontrollert, klarer vi ikkje å bekjempe fattigdom. Det vil kunne true noko av det beste med Noreg, nemleg små forskjellar mellom folk og trygg velferd. Korleis kan vi stoppe utviklinga med aukande forskjellar? Kva gjer forskjellane med demokratiet?
Møt Linn Herning og Trine Østereng i samtale med Svenn Arne Lie.
Arrangeres i samarbeid med Rødt Lillehammer
INNGANG: Gratis
Hjelp oss gjerne med å gjøre planleggingen litt enklere, ved å melde deg på i forkant her:
https://lillehammerbiblitt.hoopla.no/event/1398279586
*
*
Foto:
Linn Herning av Ida Bing
Trine Østereng av Siw Pessar
Svenn Arne Lie av Forlaget Manifest
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Lillehammer bibliotek og litteraturhus, Wiesesgate 2,Lillehammer, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.







