Advertisement
Denne søndagen får vi besøk av Maria Parr og Åshild Irgens som vil lese og teikne! I bøkene om Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar.Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte. Maria les og Åshild teiknar “live”. Etterpå kan barna teikne sjølv om det har lyst.
Auditoriet på Hovedbiblioteket.
Frå 4-5 år.
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Bergen Offentlige Bibliotek, Strømgaten 6,Bergen, Hordaland, Norway
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.











