Advertisement
Blir du med på opninga av det nye friluftslivsområdet i Arboretet, Naustdalen? Like nedanfor Noregs største rosehage, og idyllisk ved Fanafjorden, har Stiftelsen Det norske arboret i samarbeid med Universitetshagane, Bergen og omland friluftsråd (BOF) og Arboretets venner, etablert eit flott uteområde og restaurert det gamle naustet. Naustet og friluftsområdet vil vere ein viktig arena for barnehagar, skuleklassar og våre besøkande elles. Bestilling av naustet skjer på nettsida til BOF: https://bof.no/naustdalen/
Det vert offisiell opning laurdag 13. september kl. 12. Alle er velkomne.
• Bål i fjæra, varm drikke frå bålpanne (ta med kopp) og grilling (ta med eige mat)
• Aktivitetar og rebusløype for borna
• Omvising i Rosariet/rosehagen rett ved
Tilkomst: Naustdalen ligg nedanfor rosehagen i Arboretet, på nedsida av vegen for Fana folkehøgskule. Parkering anten i Bergen botaniske hage eller Dalsmyra. Buss 53 frå Birkelandsskiftet bybanestasjon eller Lagunen.
Velkommen!
Arboretets venner, Bergen og omland friluftsråd, Universitetshagane
og Stiftelsen Det norske arboret
Kontaktperson, Helene Ødven, mobil 98 24 98 08, e-post [email protected]
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Mildevegen 240, 5259 Hjellestad, Norway, Mildevegen 240, 5259 Hjellestad, Norge, Bergen, Norway