Advertisement
Julebakst, juleverkstad, juletre, julesong, julestemning! Tradisjonen tru ønskjer vi store og små velkomen til Førjulssøndag. Inkludert i billetten får du vere med på mange og lærerike førjulsaktivitetar!
Dypp stearinlys, smak heimelaga julebakst, gløgg og peparkaker. Bak potetkaker, lag julehjarte, julekorger og perlehjarte. Snekre småbåt, slå båtnaglar og prøv smikunsten. Høyr spanande eventyr og mykje meir!
I Åkre bedehus går vi rundt juletreet med song og musikk. Torader i Nordvest fyller Yttarlandstova med lystige tonar og vi får besøk av stjernejenter og stjernegutar frå Steinerskulen – med lys, lykter og vakker song.
Ved kyrkjebudene og i Larsnesbuda finn du buder med alt frå kremar og oljar til dekorasjonar, honning og saueskinn.
Og innimellom kan du ta ein pust i bakken i stemningsfylte Ytterlandstova med ein kopp kaffi, ei lun svele eller ein nysteikt vaffel. I museumskafeen har vi nydeleg rømmegraut, smakfulle pølser, søte kaker og nysteikte sveler, varm kakao og nykverna kaffi frå Jacu.
Velkomen til ein aktivitetsrik og kjekk førjulssøndag for heile familien!
Inngang:
Vaksen kr 150
Barn (3-18 år) kr 100
Ledsagerbevis: Gratis inngang
Årskort kan ikkje nyttas på dette arrangementet.
Foto: Oddgeir Visnes
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sunnmøre museum, Museumsvegen 12,Ålesund, Norway
Tickets