Advertisement
Eid vidaregåande skule inviterer til årets store musikalsatsing: Alice i Vidunderland – ei moderne og humoristisk nytolking av den klassiske forteljinga om Alice i Eventyrland. Framsyninga er basert på Nationaltheatret si suksessfulle oppsetjing, og tek utgangspunkt i Lewis Carroll sitt tidlause eventyr. I denne versjonen får vi sjå Alice falle ut av kvardagen og inn i eit univers der alt blir snudd på hovudet – fullt av undring, fantasi og musikk.Publikum får møte både gamle kjenningar og nye figurar: Den kvite kaninen, Filurkatten, Hjartedronninga – og sjølvsagt Alice sjølv. Historia er kjend, men fortald med eit friskt og moderne uttrykk som både barn, ungdom og vaksne vil kjenne seg igjen i. Musikalen kombinerer humor, alvor og ettertanke, og handlar om å finne seg sjølv i ei verd i endring. Det er ei framsyning som passar for heile familien, men enkelte scener kan vere litt skumle for dei minste. Alice i Vidunderland blir framført av elevar frå Eid vidaregåande skule, med live-band, fargerike kostyme og ei energisk rollebesetning. Velkomen til ei musikalsk oppleving fylt med fantasi, undring og spelarglede!
2 x framsyningar:
• torsdag 26. februar kl. 18.00
• fredag 27. februar kl. 18.00
Advertisement
Event Venue & Nearby Stays
Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norway, Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid, Norge, Sunndal, Norway
Tickets
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.





