Eva Røyrane presenterer Naustlandet

Tue, 03 Feb, 2026 at 01:00 pm UTC+01:00

Austevoll folkebibliotek | Bergen

Senioruniversitetet i Austevoll
Publisher/HostSenioruniversitetet i Austevoll
Eva R\u00f8yrane presenterer Naustlandet
Advertisement
«Naustlandet er ei opplysande og vakker bok om sentrale bygningar i kystkulturen vår frå eine landsenden til hin. Dei som hadde båt av tre, måtte ha hus til farkosten»
(Erik Solheim i Dag og Tid 9. januar)
Forfattar Eva Røyrane presenterer boka Naustlandet, ei praktbok om nausta langs norskekysten. Ho fortel om arbeidet med å dokumentere desse viktige kulturminna og historiene dei ber på frå Agder til Finnmark.
Arrangementet er eit samarbeid mellom KIK Sunnhordland, verdiskapingsprosjektet Sjøbruksmiljø i Sunnhordland og folkebiblioteka i regionen og innleiast med ei kort orientering om arbeidet med å ta vare på sjøbruksbygningar før Eva Røyrane presenterer den flotte boka.
Røyrane har saman med fotograf Oddleiv Apneseth gitt ut fleire bøker, mellom anna Klyngetunet, Noregs låver, Vestlandshus og Av stein.
Det blir sal av boka.

Om prosjektet:

Fotograf Oddleiv Apneseth og forfattar Eva Røyrane har reist langs kysten og innover mange fjordar frå Agder i sør til Finnmark i nord, på leit etter naust. Dei ville finna ut korleis det står til med dei gamle nausta, desse kystens kulturminner som fortel om kystlivet slik det var før oljealderen endra alt.

Naustet i støa var ein viktig driftsbygning på garden til fiskarbonden, som var meir bonde enn fiskar i dei indre fjordstrøka. Ute ved kysten var det omvendt. I nausta låg mindre båtar til heimefiske og dagleg ferdsel og større båtar til sesongfiske, frakt og kyrkjeferd. Og naustet var arbeidsplass, ikkje berre for vedlikehald av båtar, garn og nøter. I naust er det laga tønner, bygd båtar og slakta sauer og kyr. Somme stader har naustlemen vore bustad, både for farande folk og for fastbuande.

Boka Naustlandet, som nyss kom ut på Skald forlag, fortel at det står både svært dårleg og ganske bra til med nausta. Naustet er den gardsbygningen som, på grunn av manglande bruk, er mest utsett for forfall. Tilårskomne naust rotnar ned og blir borte. Samstundes er det ei aukande interesse for å ta vare på gamle hus. Dette nyt mange naust godt av. Denne boka dokumenterer forfallet, men fortel og om eigarar som forbarmar seg over forkomne naust og om eldsjeler som ivrar for kystkulturen ved å dokumentera naust og formidla lokal kystkunnskap.

Dei mange nausta har ulike historier å fortelja, om byggjemåte og om bruk. I nord handlar det om naustgammer, store skjelternaust og enkle etterkrigsnaust, Lenger sør: stavbygde naust, grindnaust, tømranaust og steinnaust. Og heilt sør, der det er liten skilnad på flo og fjøre: båtgarasjar.

Velkomen!
Advertisement

Event Venue & Nearby Stays

Austevoll folkebibliotek, Bekkjarvik 70,Austevoll, Bergen, Norway

Icon
Concerts, fests, parties, meetups - all the happenings, one place.

Ask AI if this event suits you:

More Events in Bergen

Foredrag med Geir K\u00e5re Nyland
Mon, 02 Feb at 04:30 pm Foredrag med Geir Kåre Nyland

Magnus Lagabøtes Plass 1

Mandagsfilmen: All We Imagine As Light
Mon, 02 Feb at 06:00 pm Mandagsfilmen: All We Imagine As Light

Bergen Offentlige Bibliotek

Tapaskveld
Mon, 02 Feb at 07:00 pm Tapaskveld

Venstre Murallmenningen 15

Iran i endring: hva betyr det n\u00e5?
Tue, 03 Feb at 08:30 am Iran i endring: hva betyr det nå?

Det Akademiske Kvarter

Litter\u00e6r lunsj: Margunn Vikingstad om Sidonie Gabrielle Colette
Tue, 03 Feb at 12:00 pm Litterær lunsj: Margunn Vikingstad om Sidonie Gabrielle Colette

Bergen Offentlige Bibliotek

UTSOLGT! DNB Investortimen Bergen
Tue, 03 Feb at 05:30 pm UTSOLGT! DNB Investortimen Bergen

Solheimsgaten 7c, 5058 Bergen, Norge

Bergensminne med Michael Planthafer
Tue, 03 Feb at 06:00 pm Bergensminne med Michael Planthafer

Amalies Hage

Strikkecaf\u00e9
Tue, 03 Feb at 06:00 pm Strikkecafé

Sædalssvingene 5, Bergen

Jenter vil mer \u2013 gi jenter den plassen de fortjener!
Tue, 03 Feb at 06:00 pm Jenter vil mer – gi jenter den plassen de fortjener!

Sandbrogaten 5, 5003 Bergen, Norway

Foredrag om 70mm-film av Sigurd Wik med unike filmer og filmklipp
Tue, 03 Feb at 06:00 pm Foredrag om 70mm-film av Sigurd Wik med unike filmer og filmklipp

Georgernes verft 12, 5011 Bergen, Norway

\u00c5rsm\u00f8te i H\u00f8rselsforbundet \u00d8ygarden
Tue, 03 Feb at 06:00 pm Årsmøte i Hørselsforbundet Øygarden

Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Bergen is Happening!

Never miss your favorite happenings again!

Explore Bergen Events